<$BlogRSDUrl$>

2.4.06

Min salme (2) 

Denne helga er det Aasne Djuve Edland som har valt seg "Min salme" i Vårt Lands spalter:
Å velja seg ei salme utifrå den skatten me
har er inga lett sak. Eg vart nok likevel
ståande ved ein av Blix sine salmar: «Jesus,
du er den himmelveg». Det er vel ikkje så
rart kanskje at min generasjon kjenner seg
att i Blix sine salmar. Dei høyrde med til
kvardagen. Skuledagane starta som oftast
med «Sjå dagen sprett i austerætt» eller
«Syng i stille morgonstunder». Me avslutta
med «Dagsens auga sloknar ut», eller «Med
Jesus vil eg fara». Er det rart Blix sine salmar
er lagra?

Blix rettleier og påminner folk gjennom
salmane sine. Han byggjer mykje på Guds
ord i diktinga si, heilt ifrå skapelseforteljinga.
Eg trur at han var svært glad i Johannesevangeliet
og bileta der, noko eg tykkjer
har kome klart fram i «Jesus, du er den
himmelveg».

Det er mange som har funne styrke og
hjelp for truslivet sitt gjennom denne salmen.
Min eigen far fortalde at då han som
16-åring reiste heimifrå for å gå på det
som den gongen heitte «Skiensfjordens
Mekaniske Fagskole», var det ikkje så lett
å fi nna seg til rette. Vanskelegast var det å
finna ein stad der ein kunne ha «ein heim i
Guds kyrkja på jordi». Tvilen tok tak. Han
reiste heim att til Lårdal ei helg, tok skiene
fatt og gjekk ein tur opp i heia. Der høyrer
han plutseleg ei kraftig mannsstemme som
syng så det ljomar i skogen «Jesus du er
den himmelveg som til Gud Fader oss leier,
Frelsa det er å fi nna deg, liv og uvissnande
heider». Der var løysinga, tvilen forsvann,
her var svaret: Jesus var himmelvegen. Lite
visste han som sang at han der og då var til
hjelp for ein ungdom.
Høg Blix-frekvens, med andre ord, førre veka var det "Opp, alle Ting som Gud hev gjort".
# lagt inn 2.4.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?