<$BlogRSDUrl$>

23.6.06

Festspeldag 2 

er blitt natt for lenge sidan. Jakob Sande-konserten i Ørsta kyrkje (omtala i førre post) var ei flott oppleving, fint samansett program av opplesing og korsong, med mykje nykomponert materiale. Høgast av alle Sande-tekstar står for meg den mystisk-ekstatiske "Då Gud heldt fest i Fjaler" - apokalypse frå Sunnfjord. Den var med. Det same var "Tale ved Kleng spelemanns grav" og "Åndeleg sjømannssong" og dei to Sande-tekstane i Salmeboka (lesarkonkurranse: Kva for tekstar er det?). Til hausten kjem koret på Oslo-turné til Uranienborg kyrkje.

Så var det uroppføring av Karl Seglems tingingsverk "Ny rørsle". Eg var imponert. Det er ikkje alt eg skjønar, men eg er tiltala av denne musikken. Lur, bukkehorn, saksofon, gitarar, (harding)fele, song (Berit Opheim!), bass, slagverk - og elektronika. Er det jazz? Tja, jo. Er det folkemusikk? Kan hende. Crossover? Støymusikk (av og til)? Det er ikkje så farleg kva ein kallar det. Vekslande klangflater, bygde på ostinat (repeterte figurar/mønster) med variasjonar på mikroplan, som i slåttemusikken, i grunnen. Kammermusikk på høgt nivå, med slagverket i ei svært sentral rolle. Bruken av naturtoneinstrument gjev ein eigen farge (songstemma er òg nytta som naturtoneinstrument i denne samanhengen). Avansert kombinasjon av akustisk, forsterka og reint elektronisk lyd - og tekstar av Jon Fosse, dels formidla av Jons eiga røyst (i opptak), dels av songaren.

Og så har eg vore på besøk hos Terje Aarset og songbøkene hans! Det var i grunnen verd heile sunnmørsturen aleine.

P.S.
Dessutan har Linda Eide fått Kulturdepartementets flunkande nye "Nynorsk journalistpris". Der var eg ikkje. Men det var andre. Festspeldiktaren har svara for seg i nettprat og halde platekåseri. Det fekk eg heller ikkje med meg.
# lagt inn 23.6.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?