<$BlogRSDUrl$>

29.6.06

Festspeldag 4 

var laurdag. Den begynte med festspelfrukost i gatene både i Ørsta og Volda. Eg var i Ørsta, der min gode fe Terje Aarset tok meg med på pilegrimsferd til lokale nynorske heilagstader som Aarflot og Vassbotn (Ekset rakk vi ikkje denne gongen). Her var rom både for stille stunder og interessante opplysningar.

Eg droppa "dei nynorske golfspela" og gjekk for å høyre Litteratur med (Jan) Landro i staden, ein samtale med Olaug Nilssen, Gunnhild Øyehaug og Tormod Haugland over emnet "Kva skjer i Bergen". Fasit: Bergens litterære miljø er dominert av ikkje-bergenske surrealistar, eller noko slikt. Las høgt gjorde dei òg.

Ettermiddagen og kvelden gjekk slag i slag: Møte med fantasy-forfattaren Lene Kaaberbøl, mykje ung skriveglede i skrivetevlingane både til dei lokale mållaga og til Noregs Mållag, deretter ei grundig innføring i grovt språk (banning, drit og sex, i nemnde rekkefølgje, for å vere eksakt) med eit panel beståande av husdiktarane Nilssen og Øyehaug, pluss vulgærlingvist Tor Erik Jenstad, det heile leia av Halvor Folgerø. Referansebanning blei henta frå kapitlet "Vi sit og bannar og steiker og ser tenksamt ut av vindauget" (frå Ragnar Hovland, Dr. Munks testamente). Dette blei så sterkt at eg gjekk heim og la meg etterpå og gjekk glipp av humorkvelden med "Møre banan" (eg berre tullar, eigentleg hadde eg litt førebuing att til søndag).
# lagt inn 29.6.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?