<$BlogRSDUrl$>

30.6.06

Festspeldag 5 

Og så var det sundag. Den tradisjonelle friluftsgudstenesta måtte flyttast innandørs, visstnok for første gong. Med det har ein fullført både vigslinga av Salen i Aasen-tunet ("ein høgare himmel enn sjølv det arkitekt Sverre Fehn kunne skape", Ottar Grepstad med referanse til overlyssjakta) og ikoniseringa av Olaug Nilssen (både veggen og preikestolen var pryda av festspelplakaten, dominert av eit stort Olaug-bilete).

Salen var fullsett, det var fint å høyre Ørsta kyrkjekor og kantor Roar Goksøyr Lillebø att (hans og Jakob Sandes "Åndeleg sjømannssong" er årets kyrkjelege festspelslager), sokneprest Matias Austrheim forretta, Oskar Stein Bjørlykke var tekstlesar og Kari Veiteberg preika om Sakkeus, som blei hente ut av søndagsskolen og gjort til ei utfordring for vaksne menneske. Kari fann også høve til å "lufte ordet 'frelse' litt".

Etter kyrkjekaffien var det min tur. I panelsamtalen over spørsmålet "Kva gjer ein salme god?" fekk Kari Veiteberg, Oskar Stein Bjørlykke og Olaug Nilssen (rekkefølgje etter loddtrekning, litt basar skulle det vere) velje seg kvar sin salme for allsong og utgangspunkt for eigne refleksjonar.

Kari presenterte den nye og for dei fleste ukjente salmen "Bortom tid og rom og tanke" (tekst: Heidi Strand Harboe, tone: Carl Petter Opsahl. Du kan finne ei innspeling her), ein stillfarande tekst med bilete vi ikkje har høyrt før: "Gjennom ørsmå hol i dagen / får eg venda mine tankar, / ta eit lite steg til sides, / søkja Herren, Han som er." Kari la stor vekt på den musikalske sida ved den gode salmen, den skal vere god å syngje. Ho framheva også gudsbilete, menneskesyn og sjølvbilete som kritiske målestokkar.

Valet til Oskar Stein var ein nynorsk klassikar, påskesalmen "Ljos over grav som oss livsvoni gav" av Blix. Oskar Stein gav ein fin analyse av salmen med utgangspunkt i sentralbiletet "ljos". Definisjonsspørsmåla løyste han greitt: Ein salme er eit dikt som kan syngjast i kyrkja. Ein god salme er eit dikt det er godt å syngje i kyrkja. Vidare reflekterte han mellom anna over tilhøvet mellom det personlege og det objektive, og over salmar frå ulike epoker. Ein treng ikkje underskrive kvart ord i salmeboka, men ein syng seg inn i ein tradisjon.

Olaug hadde funne fram pasjonssalmen "Du som låg i natti seine" av Jakob Sande, ein diktar som har vore i fokus ved mange arrangement under festspela. I Hybrideleg sjølvgransking har ho gjeve ei nærlesing av denne salmen, lesen opp mot Sandes eigen "Etter ein rangel" og evangelieforteljingane. Ho les salmen som ei "tvilserklæring", eg-et er ein Tomas som nok inderleg ønskjer å tru, men som krev teikn for å gjere det: "Syn meg dine merkte hender, / så eg frelst mitt auga vender / opp til deg på krossen, du." Både Olaug sjølv og andre yngre forfattarar har nytta salmar i skjønnlitterære tekstar - gjerne i situasjonar der personane er under press og ikkje veit si arme råd. Akkurat denne tråden burde vore følgt betre opp i samtalen. Salmane er ein ressurs som vel har utgangspunkt i kyrkjerommet, men som ikkje kan stengjast inne der, dei har eit rom som er mykje større. "Det inderlege" ser elles ut til å vere ein viktig kategori i Olaug si lesing og bruk av salmetradisjonen.

Den norske kyrkja skal utgje ny salmebok i år 2010, og dette var noko av bakgrunnen både for denne samtalen og for salmekonkurransen Nynorsk kultursentrum og Kyrkjemusikkveka i Volda står bak. Kantor Ole Karsten Sundlisæter har vore ein nøkkelperson begge stader, denne søndagen spelte han til allsongane. I tillegg til dei tre salmane paneldeltakarane hadde valt, fekk publikum høve til å røyste på to Salmar og songar vi gjerne høyrer frå ei liste på ti, sett opp av panelet. Etter at den opphavlege ideen om eit salme-Idol med SMS-avrøysting var forkasta, blei det delt ut røystesetlar i lokalet. Det fullstendige resultatet av folkerøystinga er publisert på nettsidene til Ivar Aasen-tunet. Desidert flest røyster fekk "Deg å få skode" i Arve Brunvolls gjendikting, med Blix og "Med Jesus vil eg fara" som god nummer to.

Ingen stad er allsongen betre enn på Sunnmøre.

Ivar Aasen-stemnet (flytta frå Aasen-tunet til Ørsta kulturhus) fekk eg ikkje med meg, da var eg alt på tur vidare.
# lagt inn 30.6.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?