<$BlogRSDUrl$>

4.7.06

Visitas 

BlixBlog, i dag frå Trondheim (på veg nordover mot Gildeskål):

Kort besøk i statsarkivet (som snart er på flyttefot). Gevinst: Endeleg fann dei visitasprotokollen til prosten i Søre Salten for åra 1849-1882. Kva eg skal med den? Den inneheld årlege rapportar frå prosten om tilhøva i skole og kyrkje i Gildeskål medan Elias Blix framleis var skolegut og konfirmant. Dessutan visitasberetninga til biskop D. B. Juell, som visiterte Gildeskål i juni 1853, like før han sleppte Elias Blix inn som elev på seminaret i Tromsø.

Ikkje dei store overskriftene, men mange små brikker fell på plass.
# lagt inn 4.7.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?