<$BlogRSDUrl$>

23.8.06

T-baneringen 

I går reiste eg rundt heile den nye T-baneringen i Oslo, dagen etter opninga. T-baneførar og forfattar Jørgen Norheim hadde forfatta prologen til opninga:
Vørde Kronprins,
Kjære gjester og sporvegsfolk!

Dei lærde strides om T-banen har sjel.

Eg, T-baneførar 5783 Norheim, vil ta dei lærde med på ei danningsreise over og under jorda i den vesle storbyen Oslo, for å koma nærmare sanninga - om T-banen har sjel.
Les resten her.

Ringen var fin, den. Som organisert miljøvernar med særleg sans for skinnegåande kollektivtrafikk må eg jo seie det. Kva saka har med Blix å gjere? Tja. "Kristiania sporvei" opna 16. oktober 1875, og Elias Blix blei etter kvart ein flittig brukar av Briskebytrikken. Held det?

Dessutan er Jørgen Norheim ein slags kollega av Elias Blix (og meg): Han er involvert i arbeidet med å revidere omsetjinga av Det gamle testamentet. Det må vel halde!
# lagt inn 23.8.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?