<$BlogRSDUrl$>

27.10.06

Rollemodell 

Det Nye er ikkje ein publikasjon BlixBlog har på lista over regelmessig lesnad. Under tvil gjer eg likevel merksam på kåringa "Årets rollemodell" (kategorisert under "Skjønnhet"). Eg er ikkje heilt trygg på det rollemodell-begrepet bladet opererer med (i samarbeid med ein kosmetikkprodusent): "en kvinne som er stolt både av kroppen sin og det hun har oppnådd." Det er tydeleg at det skal kunne tolkast velvillig, lista bladet har sett opp, er i alle fall politisk korrekt. Her finn ein både Ny Tid-redaktør Martine Aurdal og stortingsrepresentant Inga Marte Thorkildsen. BlixBlog vil nøye seg med å peike på Dei nynorske festspela som leverandør av rollemodellar. Både festspeldiktar Olaug Nilssen og årets nynorskbrukar Kari Traa er mellom kandidatane. Festspeldiktarens eigne tankar om å vere rollemodell har ho delt med NRK Sogn og Fjordane.
# lagt inn 27.10.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?