<$BlogRSDUrl$>

17.10.06

Sande 

Denne veka kjem Ove Eides biografi Jakob Sande: Liv. DiktingSamlaget.

Oppdatering, 19.10.2006: Så langt er det forfattar Eides utfall mot skodespelar Jon Eikemo som har vore best synleg i medieresepsjonen av biografien. NRK (kultur):

Jakob Sande-biograf Ove Eide tek eit kraftig oppgjer med Jon Eikemo. Eide meiner skodespelaren framstiller Sande som ein moromann. ... Eide meiner Eikemo har fortrengt den mørke straumen av einsemd og fortaping i Sande si dikting.
Eikemo: "Kyss meg bak!" Eller sa Eikemo eigentleg "Kjøss meg bak!" (NRK Sogn og Fjordane)? Eide har visst sagt noko nedsetjande om ungdomslag òg, for 20.10. reagerer dei i NRK Sogn og Fjordane:
- Det er urettferdig om ungdomslaga blir skulda for å ha gjort noko gale når dei har valt å presentere den humoristiske sida av Jakob Sande. Det seier Ottar Wiik etter kritikken frå Sande-biograf Ove Eide.
Det er ikkje greitt. Sjå òg Firda Tidend 18.10.06; Aftenposten 19.10.06. Telemarksavisa Varden 18.10.06 er meir oppteken av Jakob Sandes forelsking i Halldis Moren Vesaas, som på si side takka ja til Tarjei nett på den tida. Og Fredriksstad Blad (med to s-ar) kan under overskrifta Sandes Fredrikstad-liv fortelje at "I den nye biografien om dikteren Jakob Sande er lektorårene i Fredrikstad viet et helt kapittel."

22.10.06: Papirutgåva av Dagladet (du kan alternativt leite deg gjennom dette søket) har to oppslag dei siste dagane. "Dikteren bak lutten" (20.10.06) er eit velvillig intervju med Ove Eide. "De krangler, trur eg ..." (SIC, 19.10.06) er ein analyse (vel, det var kan hende å ta sterkt i) av debatten Eikemo - Eide. Om det er forfattaren, forlaget eller eit fikst hovud i NRK som har opphavsretten, veit eg ikkje. Men å terge på seg ein kjendis ser ut til å vere eit bra salstriks, både for biografiar og for meir flyktige media. Ideen er notert. No lurer eg berre på kven ein kan greie å terge på seg ved hjelp av den fredsæle Elias Blix. Kyrkje- og kulturminister Trond Giske, kan hende? Han verkar snarsint, og i alle fall er han sikra plass i mediebiletet så fort han viser seg.
Så må eg ikkje gløyme eit stort intervju med Ove Eide frå Nynorsk Pressekontor, det kan du til dømes lese på nesteklikk.no.

25.10.06: No har sanneleg politisk redaktør Harald Stanghelle i Aftenposten teke på seg rolla som linjemann i (det medieskapte?) oppgjeret Eide-Eikemo, under overskrifta "Sande, Eide og Eikemo, trur eg". Stanghelle gjennomfører i fin stil på nynorsk, Aftenposten-Dagbladet 1-0, trur eg.
Både Stanghelle og Olav Kobbeltveit i Bergens Tidende rykker ut til forsvar for Eikemo.

30.10.06: I dag er Sande-striden utgangspunkt for ein kommentar i Nationen av Inger Marie Kjølstadmyr. "Biografenes umulige jakt på sannhet" er, når sant skal seiast, for kort til å bringe noko særleg interessant. Ove Eide kan elles notere seg for ein fin 5. plass på salslista til Bokhandlerforeningen.

Bokmeldingar: Aftenposten (Arnhild Skre, "En konstruert offerrolle") 19.10.06.
Vårt Land (Bjarte Botnen, "Stor og sterk biografi om Jakob frå Sunnfjord") 23.10.06
Dag og Tid (Ole Karlsen, "Mykje dikt, lite liv") 27.10.06
VG (Yngvar Ustvedt, "Grundig om Jakob Sande") 30.10.06

Følg med på heimesida til Jakob Sande-selskapet.

Oppdatert 20.10.06; 22.10.06; 23.10.06; 25.10.06; 27.10.06; 30.10.06
# lagt inn 17.10.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?