<$BlogRSDUrl$>

31.10.06

Veteranar 

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å kommentere nominasjonane til Brageprisen, men i dag blei eg provosert av oppslaget til NRK.no - Kultur:
Skal kjempe mot veteraner
Jan Jakob Tønseth, lyrikeren som ble romanforfatter, skal kjempe mot veteranene Kjartan Fløgstad og Dag Solstad om årets Bragepris. I dag ble nominasjonene klare [dei var klare i går, men det kan vere det same].
No er ikkje Jan Jakob Tønseth fødd i går, men i 1947. NRKs eiga forfattarside om mannen kan fortelje at han debuterte "alt i 1971". Dessutan har han eit omfattande, kresent og kritikarrost forfattarskap å vise fram. Er det opplagstala som gjer Fløg- og Solstad til "veteranar" i samanlikning? Eller er det fødselsåra, Fløg- er fødd i 1944 og Sol- i 1941? Neppe grunn god nok til å gjere seks år yngre Tønseth til jypling. Eg skulle til å seie noko om tabloidisering av statlege media, men eg trur det er best eg teier stilt.
# lagt inn 31.10.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?