<$BlogRSDUrl$>

3.11.06

Blix-nytt 

Det er vel på tide med noko Blix-stoff på BlixBlog. Tre korte meldingar i dag.

1. Statsråd
Eg har nett sendt frå meg kapitlet om statsrådstida til Elias Blix (1884-1888) til forlaget. Det er blitt for langt, det blir nok kortare når ein redaktør får sett på det. I motsetnad til dei andre livsfasene har biografen her eit luksusproblem: Kjeldene fløymer over. Her er så mykje å fortelje, jamvel mykje nytt. Eg har vore så privilegert at eg har hatt tilgang til hittil upublisert kjeldemateriale om det interne livet i Sverdrup-regjeringa. Leiemotivet er spenninga mellom dei to teologane i ministeriet, Jakob Sverdrup og Elias Blix. Men eg vil påstå at eg kjem til å kaste nytt lys både over målsoga (jamstellingsvedtaket i 1885 inkludert), universitetshistoria og kyrkjesoga. Somme problemstillingar har ikkje endra seg mykje på 120 år - målstrid, kyrkje- og skolereformer kan vere tre stikkord.

2. "Det store biografiåret"
Det er Ottar Fyllingsnes i Dag og Tid (berre på papir) som har utropt 2007 til "det store biografiåret". Eg får hard konkurranse, ser eg: Hagbard Berner, Halldis Moren Vesaas, Per Sivle, Torborg Nedreaas, Sigrid Undset ... Eg trur dette er den første "offisielle" omtalen av Blix-biografien min frå Samlaget. Sverre Tusvik er sitert slik:
Elias Blix
I tillegg kjem Anders Aschim med biografi om Elias Blix, heilt uavhengig av alle jubileum.
- Nordmenn flest kjenner best salmediktaren Blix, men han var ein av dei fremste europeiske professorane i semittisk og hebraisk språk med studieopphald ved universitetet i Leipzig. Blix var både biskop og kyrkjestatsråd, men han levde ei [SIC] spennande intellektuelt liv. Aschim er teolog og kan både semittisk og hebraisk, og han har vitja Leipzig og gått gjennom materiale som vart tilgjengeleg etter at Berlinmuren fall.
Eg har lova å mobbe min gode redaktør resten av livet for den om biskopen (derimot har han heilt rett i at Blix-eleven Bernt Støylen var biskop. Også han er i ferd med å få sin biografi, skriven av Olga Støylen Runde). Det er litt mykje smør på skivene elles òg, men det kan eg leve med.

3. Langtidsplanlegging
Og så hadde eg ein hyggeleg telefon frå ein god prestekollega. Mållaget hans planlegg Blix-kveld i oktober 2008 ein gong. Sjølvsagt har eg lyst til å vere med.

God helg!
# lagt inn 3.11.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?