<$BlogRSDUrl$>

10.12.06

Dagens Blix 

Barndoms Tid, dei fagre Dagar,
Ingen atterkalla kann.
Faafengt sukkar me og klagar,
Som ein Draum dei undan rann.
Men kvart Hjarta kjenna maa:
Vert me ikkje atter smaa,
Finn me aldri, Englar like,
Stigen upp til Himmerike.

-----
E. Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900) s. 22-24

"Barndomstidi" spanderte eg nokre ord på i foredraget om Blix og Grundtvigsalmeseminaret i mai. "Barne-Livets faure Dage" vart skriven som "Confirmationssang paa Tuborg" i 1844. Denne Grundtvig-teksten er Blix ikkje blitt kjent med gjennom salmebøkene (Christiania-tillegget til Evangelisk-christelig eller Landstad), men gjennom songbøkene. Her har folkehøgskolerørsla gått føre. Eg veit ikkje kor teksten først er publisert på norsk, men den finst både i Ullmanns Sangbog (1884), i Seips Visebog (seinast 1884) og i Birger Halls Kirkeklokken (1890). Via Blix fekk teksten plass i Nynorsk Salmebok, N. 142.

Heile salmen.
Sist sundags Blix.
# lagt inn 10.12.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?