<$BlogRSDUrl$>

24.12.06

Dagens Blix 

Fraa Betlehem eit Gitord gjeng,
Eit Gitord gjeng
Um Kongeson i Krubbeseng.
Halleluja, Halleluja!

----------
Fedraheimen nr. 12, 22.12.1877

Til sjølve julehelga skal du no få ein julesong som Dagens Blix lell. Sidan eg presenterte "Fraa Betlehem eit Gitord gjeng", ein parafrase over den bibelske Salme 72 på tonen "Et barn er født i Betlehem", har eg to nye ting å melde:

1. Editio princeps er slett ikkje andreutgåva av Nokre Salmar (1883), slik eg har trudd. Det er Arne Garborgs Fedraheimen, første årgang.
2. Denne salmen var ein medverkande årsak til at Blix gav avkall på anonymiteten sin, i brev til Karl Seip 21.09.1884 skriv han mellom anna:
Mod Angivelsen af Forfatteren vil jeg nu ikke gjøre nogen Indvending, efter at N. Forfatterleksikon allerede har røbet Anonymiteten; og det tør være saa meget nødvendigere, som man tildels har begyndt at sætte andre Navn under mine Salmer (se Ullmanns Sangb., der f. Ex har taget min Salme No. 10 og foræret Grundtvig - som om han ikke var rig nok før!)
Til Viggo Ullmanns forsvar kan ein seie at salmen ligg så tett på "Et barn er født i Betlehem" at det ikkje er rart om ein travel trippelarbeidande folkehøgskolelærar, folketalar og songbokutgjevar kom i skade for å lese den som ei gjendikting av Grundtvigs gjendikting av den gamle julesongen.

Og med det ønskjer BlixBlog lesaren ei signa julehøgtid.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Tidlegare kommentarar
Norsk Salmeleksikon nr. 897
# lagt inn 24.12.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?