<$BlogRSDUrl$>

26.12.06

Fridtjofs jul 

Sidan BlixBlog er basert i Ytre Enebakk, måtte eg i dag gjere noko eg sjeldan gjer: Sjå fjernsyn. "Fridtjofs jul" var, ærleg tala, ikkje mykje å rope hurra for. Bjørn Sundquist har hatt betre presteroller, Jon Eikemo betre fyllikroller. Men det er jo artig å sjå dei lokale kjendisane i Enebakk Blandakor på autentiske opptaksstader som Shell-stasjonen i Ytre, rådhuset, lensmannskontoret og Mari kyrkje - og opptre med Bettan og Tommy Körberg. Sjølv har dei i alle fall hatt det moro.

Einaste grunn til å nemne dette på BlixBlog måtte vere Hege Schøyens Olga Marie Mikalsen-inspirerte framføring av "Å eg veit meg eit land."
# lagt inn 26.12.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?