<$BlogRSDUrl$>

25.4.06

Bloggarsalmist 

Også i Vårt Land:
Blogging sprer seg over den verdensvide webben.
Eyvind Skeie mener kristne bør blogge mer.
Salmediktaren m. m. m. har naturlegvis sin eigen blogg.
Sjå òg kommentaren til Arne Berge.
# lagt inn 25.4.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Svartebøker 

I Vårt Land (!) har Jørgen Haavardsholm ei noko spesiell bokmelding i dag:
Norske Hexeformularer og Magiske Opskrifter er en kulturhistorisk godbit i forbedret innpakning.
Boka, som opphavleg kom ut i 1901-1902, er eit standardverk om norske svartebøker. Den er skriven av Elias Blix' gode ven, biskop dr. theol. Anton Chr. Bang.
# lagt inn 25.4.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.4.06

Grundtvig i mai 

Entusiastisk epost frå den gode tromsøværing i Stavanger, Roger Lockertsen:
Det er allereie 39 deltakarar på seminaret. ... Om ein månad reknar eg med 100 ...
Og om DU enno ikkje har meldt deg på Grundtvig-seminaret i Uranienborg kyrkjelydshus laurdag 20. mai, har du framleis sjansen.
# lagt inn 19.4.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.4.06

Bibelomsetjarutdanning 

Vårt Land:
Misjonshøgskolen blir den første skolen som tilbyr studium i bibeloversettelse i Skandinavia.
Les meir (Misjonshøgskolen).
Trinity Western University.
# lagt inn 18.4.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.4.06

Dagens Blix 

Paaske (Landst. 350)
Han er uppstaden! Dyre Ord!
No Gud er fullnøgd, Soning gjord,
Og Himmelen er open.
Min Jesus ved sin Daude braut
Dei Piler, Dauden mot meg skaut,
Og knasad Myrkheims Vaapen.
Aa Røyst! Mi Trøist
[SIC]!
Daa med Siger / Upp han stiger, / Helheim rivnar.
Han var daud, men sjaa han livnar!

-------------
"Til Minde om Professor Dr. Blix", Luthersk Kirketidende VI/2, 24.05.1902

BlixBlog helsar GOD PÅSKE med Blix si omsetjing av Birgitte Cathrine Boyes høgtidsvers (jfr. Norsk Salmebok 177), publisert posthumt i 1902.

Langfredagens Blix.
Norsk Salmeleksikon nr. 1204.
# lagt inn 16.4.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.4.06

Grunngitt spørsmål 

frå Nina Refseth, forlagsdirektør i Det Norske Samlaget:
... Medan nynorsken har godt fotfeste innan skjønnlitteraturen, er det framleis store område av sakprosaen der nynorsk er så å seie heilt fråverande.

Og der har ikkje nynorsken greidd å henge med. Folk vil døypast til Blix, men middagen blir laga etter bokmålsoppskrift. ...

Kva skjer med nynorsk litteratur om han blir redusert til kunstspråket aleine og ikkje blir sett på som relevant for bruk i dagleglivet?
Ottar Grepstad, Viljen til språk: Ei nynorsk kulturhistorie (Oslo: Samlaget, 2006), 103.
# lagt inn 15.4.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.4.06

Dagens Blix 

Kven er han med Klungerkruna, / Som so lognt i Dauden gjeng?
Kven kann tyda rett den Runa / Yver Krossen, der han heng?
"Jesus, han fraa Nasaret, / Jødekongen", er der sett.
So dei maa hans Kongsnamn sanna / Og det fyr all Verdi kanna.

----------------------
Elias Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900), s. 41-43
(opphavleg prenta i Stille Stunder 16.04.1898)

Heile salmen.
Tidlegare kommentar.
Gårsdagens Blix.
Norsk Salmeleksikon nr. 2176.
# lagt inn 14.4.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.4.06

Dagens Blix 

Jesus, her ditt Bord du sette,
Der du giv vaart Hjarta Mette,
Himmelbrød og Livsens Skaal.
Her du naadig gjennom Ordet
Kallar oss til Altarbordet,
Til ditt sæle Nattverdsmaal.

----------------------
Elias Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900), s. 108-110

Blix-salmen "Jesus, eg deg trur på ordet", ført opp under "Skjærtorsdag" i Norsk Salmebok (nr. 145) er i røynda dei fire siste strofene frå denne salmen, som opphavleg har sju. I Salmar og Songar står den under rubrikken "Nattverd". Mange av tekstane i denne boka hadde før vore publiserte i ymse blad og tidsskrift, men noko slikt veit eg ikkje om denne salmen.

Heile salmen.
Førre Dagens Blix.
Norsk Salmeleksikon nr. 2043.
# lagt inn 13.4.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.4.06

Aasen-jazz 

Ivar Aasen-tekster i jazzdrakt er tittelen på meldinga av plata «Svev» (komponist og gitarist Stein Helge Solstad) i Bergens Tidende.
# lagt inn 12.4.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.4.06

Festspel 


Programmet for Dei nynorske festspela 2006 blei presentert for eit par dagar sidan. Festspela foregår i og omkring Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda i dagane 21.-25. juni. Temaet er "Målet for alle", jubileet til Noregs Mållag vil setje sitt preg på arrangementet, og Olaug Nilssen er festspeldiktar.

Eg har aldri vore på festspela før, men i år kjem eg til å reise. Eg gler meg til sunnmørstur, både til sjølve arrangementet og til å treffe dei mange gode hjelparane i Aasentunet og ved Høgskulen i Volda. Og så håpar eg å sjå att Guffen, om han no greier å få med seg foreldra heim frå varmare land.

Eg får vere så frimodig å nemne at eg sjølv skal ha ei lita rolle i eit hjørne av festspela. I fjor styrte Per Halse (eg har visst gløymt å nemne at han var innom hos meg i Bibelselskapet tidlegare i veka) ein panelsamtale om bibelspråket i samband med utgjevinga av det nyaste nynorske nytestamentet på avslutningssundagen. Det må ha vore vellukka, for i år er eg invitert som ordstyrar til ein liknande samtale over temaet "Kva gjer ein salme god?" Forutan festspeldiktaren medverkar Kari Veiteberg og Oskar Stein Bjørlykke, tre interessante og sympatiske menneske som har god greie på salmar. Eg trur det kan bli fint.

Les heile programmet for festspela.
Omtale: NRK Møre og Romsdal, Bergens Tidende
# lagt inn 7.4.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.4.06

Gullbok 

Grafill har kåra "Årets vakraste bøker", noko som blei markert i Nasjonalbiblioteket før helga. Ein av vinnarane har særleg interesse på BlixBlog:
Gull
Skjønnlitteratur / voksenlitteratur

Det nye testamentet
Forlag: Det Norske Bibelselskap
Design: Aud Gloppen, Blæst design
Trykk: Jongbloed, Holland
ISBN: 82-541-0637-0, 82-541-0639-8,
82-541-0635-5, 82-541-0636-3
Juryens kommentar:
Nøkernt, vakkert og harmonisk typografert.
Godt håndverk i alle ledd.
Årets vakraste vaksenbok i Noreg, med andre ord. Ikkje dårleg. Kan også lesast av barn.

Les meir hos Bibelselskapet.
# lagt inn 3.4.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.4.06

Min salme (2) 

Denne helga er det Aasne Djuve Edland som har valt seg "Min salme" i Vårt Lands spalter:
Å velja seg ei salme utifrå den skatten me
har er inga lett sak. Eg vart nok likevel
ståande ved ein av Blix sine salmar: «Jesus,
du er den himmelveg». Det er vel ikkje så
rart kanskje at min generasjon kjenner seg
att i Blix sine salmar. Dei høyrde med til
kvardagen. Skuledagane starta som oftast
med «Sjå dagen sprett i austerætt» eller
«Syng i stille morgonstunder». Me avslutta
med «Dagsens auga sloknar ut», eller «Med
Jesus vil eg fara». Er det rart Blix sine salmar
er lagra?

Blix rettleier og påminner folk gjennom
salmane sine. Han byggjer mykje på Guds
ord i diktinga si, heilt ifrå skapelseforteljinga.
Eg trur at han var svært glad i Johannesevangeliet
og bileta der, noko eg tykkjer
har kome klart fram i «Jesus, du er den
himmelveg».

Det er mange som har funne styrke og
hjelp for truslivet sitt gjennom denne salmen.
Min eigen far fortalde at då han som
16-åring reiste heimifrå for å gå på det
som den gongen heitte «Skiensfjordens
Mekaniske Fagskole», var det ikkje så lett
å fi nna seg til rette. Vanskelegast var det å
finna ein stad der ein kunne ha «ein heim i
Guds kyrkja på jordi». Tvilen tok tak. Han
reiste heim att til Lårdal ei helg, tok skiene
fatt og gjekk ein tur opp i heia. Der høyrer
han plutseleg ei kraftig mannsstemme som
syng så det ljomar i skogen «Jesus du er
den himmelveg som til Gud Fader oss leier,
Frelsa det er å fi nna deg, liv og uvissnande
heider». Der var løysinga, tvilen forsvann,
her var svaret: Jesus var himmelvegen. Lite
visste han som sang at han der og då var til
hjelp for ein ungdom.
Høg Blix-frekvens, med andre ord, førre veka var det "Opp, alle Ting som Gud hev gjort".
# lagt inn 2.4.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?