<$BlogRSDUrl$>

30.1.07

100 

"Presten, måldyrkaren, ordbokforfattaren og lyrikaren EIGIL LEHMANN feira 100-årsdagen sin på Øvsttunheimen i går," melder Bergens Tidende. BlixBlog ynskjer [ikkje noko ønsking til Eigil Lehmann, nei] hjarteleg til lukke. Ved dette høvet er det grunn til å minne om eit viktig hjelpemiddel for bibelomsetjarar, Lehmanns Ordbok for Det nye testamentet: Nynorsk med tilvising til gresk grunntekst.
# lagt inn 30.1.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

28.1.07

Dagens Blix 

Undarlege er Guds Vegar,
Tunge tidt aa ganga paa.
Ingen Mann daa Møda tregar,
Som vil fram mot Maalet sjaa.
Gjeng din Veg igjenom Øyda,
Der deg ville Dyr vil døyda
Elder burt fraa Vegen nøyda:
Gakk med Gud, du fram skal naa!

---
E. Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900) s. 48-50

"All Guds Veg er god," er Blix si tematiske overskrift til "Undarlege er Guds Vegar". Kyrkjeårsplasseringa til 5. sundag etter påske verkar noko tilfeldig, dette er ikkje ein typisk Blix-evangeliesalme. Det manglar ikkje bibelske referansar, særleg spelar forteljinga om Jesus som stiller stormen, ei stor rolle ("Ber det gjenom Brot og Bylgja, / Rasar Stormen mot din Stamn", strofe 2). Men denne salmen er ikkje noko bestillingsverk til ein særleg sundag og evangelietekst, den er blitt til på fritt grunnlag.

Ingen salmebokkomité har sleppt denne inn i noka salmebok, trass i den gode sjelesorga som ligg i opptakta "Undarlege er Guds Vegar, tunge tidt aa ganga paa." Men Kine Hellebust har funne rom for salmen i sitt Blix-utval. Kan hende var det nok havsalt for dei hine med "I Jesu Namn" og "Ein Baat i Stormen duvad", kva veit eg.

Førre Dagens Blix
Heile salmen
# lagt inn 28.1.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.1.07

Dagens Blix 

Vaar Herre Krist, / Du er den gode Hyrding visst!
Ein Hyrding god / Fyr Hjordi giv sitt Hjarteblod:
So gjorde du/ Fyr oss til Dauden tru!

---
E. Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900) s. 46-48

Faste-, pasjons- og påskesalmane i Salmar og Songar har eg arbeidd meg gjennom før. Salmen "Den gode Hyrding" høyrer til 2. sundag etter påske og er ein grei evangeliesalme over Johannes 10,11-16. No har det seg slik at Blix alt hadde skrive ein mykje meir kjend salme til denne teksten og sundagen, "Vår Herre er ein hyrding god." Denne seine salmen kom aldri inn i noka salmebok.

Noko stort tap for norsk kyrkjesong er det kanskje ikkje, men salmen har fleire interessante trekk om ein les den som del av Blix' litterære verk.

For det første, det held sjølvsagt ikkje med EIN bibeltekst for gamle rabbi Blix. På same måte som i tilfellet "Vår Herre er ein hyrding god" gjev hyrding-motivet ein opning mot Lukas 15 og Salme 23 (meir om dette her). I tillegg har denne salmen ei fin kopling til ein annan evangelietekst til same sundag, Johannes 21,15-19 (særleg siste strofe, men òg tidlegare).

For det andre: Sjølv om koplinga til den tradisjonelle pastoralen ligg nær, er det òg ein del eigen erfaring frå gjetarliv i ei strofe som denne. Ikkje minst synest eg det hadde vore kjekt med ein skikkeleg lokk i salmeboka.

Din vesle Flokk / Du kallad med din Hyrdinglokk.
Du sankad deim / Og ved di Hand deim leidde heim
Inn i din Gard, / Som er av Anden vard.


Heile salmen
Førre Dagens Blix
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
# lagt inn 20.1.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.1.07

Økland 

Den "fattige nynorskpoeten" Einar Økland har fått Gyldendal-prisen i dag, melder Dagbladet ("'Fattig nynorskpoet' ble 300 000 rikere").

BlixBlog gratulerer på det mest velmeinande. Mellom Økland sine plikter som hovudkonsulent for Samlaget inngår biografien vår òg, så vi tillet oss å vere litt stolte på denne kanten med. Når det regner på presten ... nei, det er visst feil ordtak, men eg kan ingen slike om psykologar.
# lagt inn 18.1.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Båt 

Nordlandsposten 9.mai 1950:
9.mai Førsteklasses ny fiskebåt til Gildeskål. ”Elias Blix” koster med fullt utstyr 200.000 kroner. Båten er 71 fot lang og har en 120 hk Wichmannmaskin. Den skal brukes til fiske, både på kysten og til havfiske etter både sild og torsk. Når båten har fått navn etter den kjente salmedikteren, har det sin grunn. Eieren, Helge Helgesen på Våg, er nemlig brorsønn av Elias Blix og er født på samme gård som dikteren.
Denne har eg fått frå Oscar Berg ved Salten Museum, Gildeskål-museet personleg. Takk skal du ha, Oscar!
# lagt inn 18.1.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.1.07

H. E. Berner 

Biografiåret 2007 er i gang. Først ute: Hagbard Emanuel Berner (1839-1920), grunnleggjar av Det norske Samlaget, Dagbladet og Norsk kvinnesaksforening. Alt er politikk er tittelen på Sindre Hovdenakks fine biografi. Hovdenakk tek elles (i Dagbladet 2. januar) til orde for å gje H. E. Berner ein plass i Oslo, slik fetteren Carl Berner alt har fått. Dei to var forresten ofte djupt usamde i politikken.

Berner stod Blix nær både personleg og politisk. Det tyder ikkje at dei alltid var samde, Berner var til dømes det ein seinare ville kalle "samnorskmann", medan Blix var svoren tilhengar av Aasens skriftnormal. Venskapen mellom dei to varte livet ut, Berner var mellom dei som besøkte Blix da han låg på det siste seinhaustes 1901. Avskilsorda "Farvel, edle venn" brende seg fast hos Blix-barna.

Presentasjon i Dagsavisen 10.01.07, Dag og Tid (papir) 12.01.07
13.01.07: Melding i Dagbladet (Kåre Bulie).
18.01.07: Intervju med biografen i Aftenposten under tittelen "Frem fra glemselen".
20.01.07: Melding i Dag og Tid 19.01. (Ola Mestad): "Hagbard Berner – steil og handlekraftig demokrat"
# lagt inn 13.1.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Vil du paa Skeidvoll renna
Og Sigerskransen naa,
Du kvar ei Sin maa spenna,
Kvar Tanke setja paa,
At du kann halda ut
Og inkje Misfall lida,
Men mannleg fram deg strida
Og Siger faa til Slut!

Og skal i Skeid du vinna
Du vel deg vara maa;
Du dagleg maa deg minna,
At alt du held deg fraa,
Som Krafti spilla kann
Og deg i Skeidet seinka
Og i ditt Maal deg meinka:
Aa verta Yvermann.

---
E. Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900) s. 34-36

Det er lite kjent i dag at Elias Blix har skrive ein toppidretts-salme. Bakgrunnen for "Den gode Striden", som salmen heiter, er sjølvsagt epistelteksten for sundag septuagesima (Vingardssundagen, heiter det no) etter den gamle andre tekstrekkje, frå 1. Korintarbrev 9, her sitert etter Fyrebilsbibelen (1921):
24 Veit de ikkje, at dei som kapprenner på skeidvollen, dei renner vel alle, men ein tek sigersprisen? Renn då soleis, so de kann få honom!
25 Kvar den som er med i tevling, er fråhaldande i alt, hine so dei kann få ein forgjengeleg krans, men me ein uforgjengeleg.
26 So renner eg då soleis, ikkje som på det uvisse; eg fiktar ikkje som den som slær ut i veret.
27 Men eg tvingar min likam og trælkar honom, so ikkje eg som preikar for andre, skal sjølv verta funnen uverdig.
Skeidvoll tyder ifølgje Aasen: "Ridebane, Plads for Kapridning el. Væddeløb". Ut frå verbet skrida (strofe 3-4) er det freistande å tolke Blix slik at han har tolka Paulus i skeiseløp-kategoriar (referansen er sjølvsagt Olav H. Hauge, "Kuppern skrid i Squaw Valley"), det ville passe godt i norske kyrkjer ein vintersundag i februar.

Det blei for spesielt. Alt i Landstads reviderte og Nynorsk salmebok er førstelinja blitt til "Vil du mot målet renna".

Eg kjenner ikkje nokon tidlegare publiseringsstad før Salmar og Songar. Det er vel ikkje urimeleg å lese desse bibel-rima som biprodukt av revisjonsarbeidet med Det nye testamentet. Blix var ansvarleg for denne revisjonen, og den reviderte utgåva kom i 1899.

Heile salmen.
Dagens Blix her om dagen.
Norsk Salmeleksikon nr. 3850
# lagt inn 13.1.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.1.07

Dagens Blix 

Vaar Frelsar høgt paa Berget stend,
I Guddoms-Glans han straalar.
Slik Syn paa Jord var aldri kjend,
Slikt ingen Meister maalar.

Hans Aasyn med ein Klaare skein
Som Sol i Middags Timar.
Hans Klædnad var som Ljoset rein,
Naar det paa Nysnjo glimar.

-----
E. Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900) s. 31-33

"Jesus i Ljosbragd paa Berget" er tittelen Blix har sett på denne lange salmen, eit forteljande evangelierim over Matteus 17,1-9, sjølve Tabor-forteljinga. Mykje artig her, t. d. når Peter spør om lov til å byggje ei "Bud" for Meisteren der oppe.

Heile salmen
Nyårs-Dagens Blix
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Norsk Salmeleksikon nr. 3964
# lagt inn 4.1.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.1.07

Biografiåret 

- no i Dagsavisen:
Det store biografiåret 2007 er her. Olav Duun, Sigbjørn Obstfelder, Halldis Moren Vesaas, Rolf Jacobsen, Henrik Ibsen, Sigrid Undset, Christian Michelsen, Elias Blix, Per Borten, kronprinsesse Mette Marit og Torborg Nedreaas får alle ferske biografier i år.
Les meir.
# lagt inn 2.1.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.1.07

Nyårsdagens Blix 

Eg trur, men ikkje lenger/ Avdi det so er sagt.
Eg inkje Vitne trenger / Um Jesu Frelsarmagt.

For no med eiget Øyra / I Ordet av hans Munn
Eg kann min Frelsar høyra: / Der finn mi Tru sin Grunn.

Eg trur av eigen Røyndom, / For Jesu Ord og Kraft
Meg heve lært den Løyndom, / At eg er atterløyst.

Eg trur av eigi Kanning, / At han er Frelsar min.
Den dyre sæle Sanning / Ut av hans Aasyn skin.

-----
E. Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900) s. 29-31

"Kvi eg trur" er ein uvanleg personleg Blix-salme - og ein som må tyde noko heilt spesielt for mange Blix-tolkarar, både Kine Hellebust og Dvergmål har laga versjonar av den (Dvergmål sin finn du jamvel på iTunes). Salmen blei første gong trykt i Stille Stunder 06.02.1897 (ifølgje Norsk Salmeleksikon skal salmen òg stå i Den 17de Mai nr. 21, som kom ut 20. februar 1897. Det får eg ikkje til å stemme).

Det er svært, svært sjeldan ein støyter på eit så tydeleg "eg" i ein Blix-salme. Her talar ei erfaringsbasert tru, ein som har vore på Tabor og fått erfare den forklåra Kristus, ein som har sett den oppstadne slik som Tomas, men som ikkje høyrer på evangelistens erfaringskritiske Jesus-sitat "Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser, og endå trur".

Heile salmen
Jule-Dagens Blix (julaftan)
Norsk Salmeleksikon nr. 671
# lagt inn 1.1.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?