<$BlogRSDUrl$>

18.5.07

Stemmer 

I dag låg det nye nummeret av magasinet STEMMER i postkassa. Eg nemner det litt fordi dette er ein fin publikasjon som eg gjerne vil at fleire skal vite om, men mest fordi eg har ein tekst på trykk der. "Ved Rundarne – Til fjells med Elias Blix" er to korte utdrag frå biografien, dei første smakebitane eg har publisert. Dei handlar om Elias Blix som fotturist i den norske fjellheimen på 1860- og 70-talet.

Eit skår i gleda: Eg rekk ikkje å avslutte manuskriptet i tide til bokhausten 2007 som planlagt. I staden kjem boka til diktarens 172-årsdag i februar 2008. Det skal gå bra.
# lagt inn 18.5.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?