<$BlogRSDUrl$>

23.6.07

Branding 


"Det nye liberale Ministerium af 26de Juni 1884" i stofftrykk på raud bunn, som tørkle eller duk eller kva det no kan vere. Kyrkjestatsråd Elias Blix til høgre i midtre rad. Dette er slett ikkje einaste døme på denne typen produkt frå 80-åra, eg har sett avisannonsar for "Buxeseler med Statsm. Sverdrups Billede", og det finst eit liknande stofftrykk med Riksretten av 1883 som motiv.

Kor eg har fått dette frå? Det seier eg ikkje. Eg vil berre seie at det finst utruleg mange hyggelege, interessante og hjelpsame menneske.
# lagt inn 23.6.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?