<$BlogRSDUrl$>

15.6.07

Ikonoklasme 

Eg har forsømt meg på mange vis i vår, mellom anna har eg ikkje fått oppdatert lesarar av BlixBlog om den store Petter Dass-debatten, sett i gang av den kritiske Dass-biografien til Kåre Hansen. Debatten er på ingen måte død, i dag har spesialist på heksekunst ved Universitetet i Tromsø, Rune Blix Hagen, ein kronikk i Aftenposten under overskrifta "Redd Dass fra beundrerne".

Om sjølve saka har eg inga eiga velgrunna oppfatning, men prinsipielt meiner eg det er all grunn til å pirke i ikon. Nyanserte bilete må vere av det gode. Så får ein heller ta sjansen på at eit og anna ikon kan kome til å gå i oppløysing. Dei fleste greier seg nok lell.
# lagt inn 15.6.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?