<$BlogRSDUrl$>

6.7.07

Dagens Blix 

Sundagstankar.
Joledag.


Gledeleg jol! Med dette gode gamle ord helsar me kvarandre i denne sæle joletid. Og yver vaart land gjeng songen fraa dei mange tusund munnar:

Glade jol! heilage jol!

Der er gleda i landet i desse dagar, paa alle leider kann me sjaa og høyra jolegleda: ho lyser imot oss i dei mange straalande joleljos og i dei mange smilande barneaugo, ho ljodar imot oss i glade tonar fraa kyrkjeklokka og orgel og jolesongar fraa dei tusund tungor; der gjeng ljos um landet og song i lufti. Ja, her er gleda og skal so vera. Det høyrer me av den helsing, som Guds engel kom med um jolenatti:
Sjaa, eg forkynner dykker ei stor gleda, som skal timast alt folket, for i dag er dykker ein frelsar fødd!
Du er neppe klar for ei julepreike midt på sommaren, men sidan eg no fann denne her om dagen, må eg skunde meg å publisere den før eg gløymer det.

Dette er den einaste publiserte preika av Elias Blix som eg kjenner til. Julepreika stod på framsida av julenummeret til målavisa Den 17de Mai i 1898, signert "Dr. E. Blix". På mange måtar er den svært tradisjonell. Verd å merke seg er for det første kor mykje framstillinga til Blix er prega av den særlege dualismen som finst i tankeverda til evangelisten Johannes, med opposisjonar som "Gud - verda" og "lys - mørker". Dessutan er sitata i stykket svært interessante. Eit par bibelsitat, som det høver seg, men fleire salmesitat. Bortsett frå det første (det var Bernt Støylen som gjendikta "Glade jol") er det nye salmar av predikanten sjølv som blir siterte: "Eg trur, men ikkje lenger" (overskrift i Salmar og Songar 1900: "Kvi eg trur"), "I alle land og rike" ("Ingen er som Jesus") og "Kom og kjenn den store gleda". Den første av desse tre var publisert i Stille Stunder i februar 1897. Men for dei to siste kjenner eg ikkje annan publikasjonsstad enn Salmar og Songar. Er dette rett og slett første gong desse versa blei publiserte? Eller har eg oversett noko? Rynnings Salmeleksikon hjelper ikkje.

Les meir (Den 17de Mai 24.12.1898)
# lagt inn 6.7.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?