<$BlogRSDUrl$>

5.7.07

Dagens (Ragnvald) Blix 

I dag har eg endeleg fått med meg den store Ragnvald Blix-utstillinga på Oscarsborg (nr. 5). Den viste seg å vere riktig god og vel verd eit besøk på ein grå julidag. Mange høgdepunkt her. Dei tidlege teikningane av nordiske forfattarar og kunstverk i Paris-museum er representerte, utstillinga er bra om Simplicissimus- og Exlex-tida, og svært god på dei antinazistiske teikningane frå 1930- og 40-talet (mange under pseudonymet Stig Höök, i Göteborgs Handels- och Sjöfartstidning).

Sjølv om Ragnvald Blix høyrer neste generasjon til, er teikningane høgst relevante for ein som arbeider med bok om Elias Blix. Forutan ei rad teikningar av faren har Ragnvald Blix teikna både Alexander Kielland, Anton Chr. Bang og Christian Krogh. Men eitt spørsmål har eg framleis ikkje funne svar på: teikna han nokon gong Arne Garborg?
# lagt inn 5.7.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?