<$BlogRSDUrl$>

29.7.07

Olsok 

Det er litt stilt på denne sida for tida, men Olavsdagen må vi no prøve å markere, sidan Elias Blix tok del i initiativa for å få liv i tradisjonen ved hundreårsskiftet (og jamvel skreiv ein salme til dagen).

I Hognestad-arkivet, boks IX fann eg omsider her i vår ein trykksak eg har leita etter lenge: "Salmar og Tekster til Kyrkjebruk 17. Mai og 29. Juli. Utgjevne av Norigs Ungdomslag med Løyve fraa Kyrkjedepartementet", utan årstal. Eg har dessverre ikkje noko digitalt bilete av dette dokumentet, men eit oversyn over innhaldet finn du her:

1. Det Folk, som frægt vil vera
2. Mitt Hjarta, lova Herren
3. I Norigs Vetter rann ein Vaar
4. Vaar Gud, deg vere Lov og Ros
5. Gud signe vaart dyre Fedraland
6. Himmelske Fader

Tekster til 17. Mai
Kollekt
Lektie I Salme 36,3-11
Evangelium I Matt 7,7-11
Lektie II Salme 124
Evangelium II Mark 11,22-25
Epistel III Fil 4,8-9
Evangelium III Luk 1,50-53

Tekster til 29. Juli
Kollekt
Lektie I Salme 100
Evangelium I Joh 12,24-26
Lektie II Salme 145,1-7
Evangelium II Matt 13,31-33
Epistel III Ef 5,8-11
Evangelium III Luk 19,37-40

Kollektbøna for olsok gjev eg att in extenso. Det er nok Hognestad sjølv, ikkje Blix, som står for teksten:
Herre vaar Gud, Fader i Himmelen! me takkar deg, at du gav Norigs Konge, Olav Haraldsson Naade og Kraft til aa reisa Krossmerket millom vaart Folk og ved sitt Liv og gjenom sin Daude grunna din Sons, vaar Herre Jesu Kristi Rike i eit samla og sjølvstendigt Fedraland. Me bed deg, at du naadeleg vil styra og leida vaare Hjarto og vaare Vegar, so me i Liv og Daude kann halda fast ved ditt heilage Ord og i Fred og Samhelde byggja vaart Land, deg til Æra og vaart Folk til Lukka og Velsigning ved vaar Herre Jesus Kristus, din Son, som med deg liver og rikjer i Eining med den heilage Ande, ein sann Gud, fraa Æva og til Æva. Amen.
# lagt inn 29.7.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?