<$BlogRSDUrl$>

1.7.07

Post festum 

No pustar dei vel letta ut i Aasentunet, Dei nynorske festspela er over for denne gongen. Eg fekk berre med meg eit festspeldøgn denne gongen, men er mine opplevingar representative, må dette ha vore svært vellukka.

Eg rakk ikkje å høyre den nye kringkastingssjefen love meir nynorsk og dialekt i NRK på torsdag (suverent mest publiserte nyheit frå festspela). Men eg fekk med meg utdelinga av nynorskprisen for journalistar (til Kjell-Erik Kallset, Dagsavisen), følgt av ein svært interessant og konsekvensrik paneldebatt om målbruk og ytringsfridom for journalistar. Så høyrde eg Jan Landro intervjue festspeldiktar Erna Osland. "MålBar" på Møre Folkehøgskule på sein kveldstid, stinn brakke for å høyre dei to "Lord of the Rings"-omsetjarane Torstein Bugge Høverstad og Eilev Groven Myhren debattere omsetjingsproblem, under leiing av ordstyrar og språkdirektør Sylfest Lomheim. Debatten har overføringsverdi til bibelomsetjing, som er mitt daglege arbeid. Men profeten Mika kjem ikkje til å snakke halling i prøveomsetjinga som kjem i haust. Og så las Erna Osland godnatthistorie for oss, det var koseleg.

Fredagen høyrde eg Ivar Aasen-foredraget, der Gunvor Risa tala om nynorsk barnelitteratur, med hovudvekt på Rasmus Løland, må vite. Dessverre blei flyet mitt kansellert og eg måtte reise tidlegare enn planlagt, så eg fekk ikkje med meg multilingvisten Rolf Theil sitt program "All verdas språk" (på 60 minutt!).

Og så treff ein så mange hyggelege menneske på festspel. Som Sunnmørsposten-journalist Karin Rykkje, som eg ikkje har sett sidan vi tok mellomfagseksamen i musikk saman på Chateau Neuf i 1981. Takk for denne gongen, alle gamle og nye kjentfolk på festspel. Var du der ikkje? Det kjem nok ein sjanse neste år òg.
# lagt inn 1.7.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?