<$BlogRSDUrl$>

8.9.07

Landsmaalskyrkja 

Juledag 1899 gjekk ein ung norsk vitskapsmann kringum i ein by i det franske Schweiz. Der saag han ei kyrkja med innskrift "Deutsche evangelische Kirkche," og daa slo den tanken ned i ham: Kvifor kann ikkje me norske maalfolk gjera sameleis som desse tyskarar, og byggja serleg kyrkja for oss i byen? Han kom heim att i januar 1900 og daa tala han um dette med presten Hartvig Halvorsen, han gjekk til Oslobispen Bang med det, og der fall tanken i god jord.
Slik skriv Peter Hognestad i "Soga um nynorskt kyrkjemaal," trykt som innleiing til Gud er attaat. Norsk preikesamling (Kristiania: Norli, 1914; sitat frå s. 20-21). Vidare fortel han om møtet Oslo-bispen kalla inn til etter påske i 1901, meir utførleg referert i Den 17de Mai 20.04.1901 under den lange og omstendelege overskrifta "Landsmaalskyrkja. Møtet i Oslo bispegard. Ei nemnd valt. Vil byggja stavkyrkje."

No blei det ikkje nokon eigen landsmålskyrkjelyd med eiga stavkyrkje i Kristiania, behovet blei dekt på andre måtar og sluttresultatet (frå 1907) var ei ordning som står den dag i dag: Nynorske gudstenester annankvar sundag i Slottskapellet. Bondeungdomslaget var ein pådrivar i heile denne prosessen.

Kven var denne "unge vitskapsmannen" som kom på ideen om ei særskild landsmålskyrkje ein stad i det fransktalande Sveits? Og kvifor er han anonymisert, i ei framstilling som elles er raus med å nemne namn? Kan nokon hjelpe meg å finne ut av det, blir eg glad.
# lagt inn 8.9.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?