<$BlogRSDUrl$>

24.10.07

100 år 

Avisa Hordaland:
Nynorsk kyrkjemål 100 år
Hundre år er gått sidan «Tekstbok og Altarbok» på nynorsk vart godkjend for kyrkjebruk i Noreg. Sundag vart milepælen markert i Vangskyrkja [på Voss, AA].

Godkjenninga skjedde gjennom ein kongeleg resolusjon den 28. oktober 1907, kunne historikar Aslak T. Helleve fortelja, då han held føredrag under kyrkjekaffien etter gudstenesta i Vangskyrkja sundag.

- Men denne liturgien vart ikkje innrøysta i Vangskyrkja før i 1918, kunne Helleve deretter fortelja.

Elias Blix sentral
Det var med andre ord ein lang veg for nynorsken, sjølv på Voss. Alt i 1885 hadde Stortinget gjort vedtak om at «det norske folkesprog » skulle sidestillast med «vort alminnelige Skrive- og Bogsprog» som skulemål og offisielt språk. Landsmål og riksmål vart etter kvart dei offisielle nemningane.

Den som meir enn nokon var pådrivar for nynorsken i kyrkja var Elias Blix, gjennom salmane han sjølv skreiv eller attdikta frå slutten av 1860-talet og utover.
# lagt inn 24.10.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?