<$BlogRSDUrl$>

13.11.07

Illustrasjonar 

Nye steg på veg mot bokform. I går hadde eg møte i forlaget om illustrasjonar. Eg er vel nøgd. Boka blir rikt illustrert med om lag 75 bilete av ulike slag. Eg kan ikkje la vere å røpe det mest spektakulære, sjølv om du berre får sjå ein uklår versjon frå eit handhalde kamera utan ekstra lys, ikkje den profesjonelle versjonen som kjem i boka.

Dette er den første kladden til "Gud signe vårt dyre fedreland", notert med blyant i margen på Lillehammer-avisa "Framgang" for 20. februar 1889. Eg har leita etter denne legendariske aviskladden i fem år. Den dukka opp for to veker sidan i samband med ei flyttesjau. Avisa og ei rad andre interessante dokument er no trygt forvarte i Nasjonalbiblioteket si handskriftsamling.

Eg trur dette elendige biletet er det første som er publisert nokon gong. Som sagt, betre er i vente i boka.
# lagt inn 13.11.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?