<$BlogRSDUrl$>

27.11.07

Korrektur 

I dag har eg levert frå meg retta 1. korrektur til Elias Blix-biografien. Eller kanskje eg heller skulle seie: I dag har eg skrive boka ferdig? Det er ein god del små og store endringar i forhold til manus, særleg for å få innarbeidd nytt kjeldemateriale som har dukka opp den heilt siste tida. Finn Blix, barnebarn av Elias og son av Ivar, døydde dessverre i vår. I haust har enkja Karen flytta til ny bustad. Under flyttesjauen kom det for dagen ein god del brev, manuskript, avisutklipp og anna materiale som har lege innpakka og bortgøymt i lang tid. Dette materialet er no overlevert til Nasjonalbiblioteket i Oslo og tildelt katalogsignaturen Ms 4° 4483. Ja, avisa med "Gud signe vårt dyre fedreland" låg også her. Stor takk både til Marit Blix, dotter til Karen og Finn, som har tatt seg av dette materialet, informert meg og overført det til NBO, og til Oddvar Vasstveit ved NBO, som har gjeve meg tilgang til materialet i enno uregistrert stand, slik at det blei mogleg å få det med i boka.
# lagt inn 27.11.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?