<$BlogRSDUrl$>

25.5.07

Løland-helg 

Og så er festen i gang i Suldal.
Det kjem sikkert meir.
# lagt inn 25.5.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.5.07

Rasmus Løland 

Stavanger Aftenblader først ute med å presentere den nye biografien om Rasmus Løland, mest kjend som barnebokforfattar, men med mange andre sider. "Rasmus Løland, stor forfattar med stritt liv" er overskrifta over intervjuet med forfattaren, Ernst Berge Drange.
# lagt inn 24.5.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Ikkje DEN Blix 

Hans Blix er eller har vore i Noreg. Vårt Land fortel deg noko du ikkje visste frå før: "Hans Blix' tegninger fra Dagbladet illustrerer Ragnar Volds artikkelsamling Motstand."

Hans Blix' teikningar i Dagbladet frå 1938 viser seg ved nærare gransking å vere utførte av Ragnvald Blix, son til ein for lesarar av denne bloggen ikkje ukjend professor og salmediktar.

Det er ikkje så greitt.
# lagt inn 24.5.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Bokmål på sokkel 

Tvedestrandsposten:
Knud Knudsen på Knud Knudsens Plass
Lørdag avduker Historielaget for Dypvåg, Holt og Tvedestrand og Bokbyen ved Skagerrak en jernbyste av Knud Knudsen på Knud Knudsens plass midt i Tvedestrand.
PS: Ein bør vel nytte eit slikt høve til å minne om at det var Arne Garborg som grunnla Tvedestrandsposten. Kva det er mogleg å få ut av dette, er eg ikkje sikker på.
# lagt inn 24.5.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Nynorsksalmar 

På sidene til Nynorsklaget finn du no føredraget til Svein Ellingsen frå salmeseminaret i Uranienborg 28. april i år:
"'Du er Gud over år og tider'- Nynorsk salmedikting i det tjuande hundreåret – med særleg vekt på Alfred Hauge og Bjarne Norheim." Føredraget er på bokmål, men vel verd å lese. Dessutan bed Ellingsen så vent om "absolusjon for mine bokmåls-synder" til innleiing.
# lagt inn 24.5.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.5.07

Stemmer 

I dag låg det nye nummeret av magasinet STEMMER i postkassa. Eg nemner det litt fordi dette er ein fin publikasjon som eg gjerne vil at fleire skal vite om, men mest fordi eg har ein tekst på trykk der. "Ved Rundarne – Til fjells med Elias Blix" er to korte utdrag frå biografien, dei første smakebitane eg har publisert. Dei handlar om Elias Blix som fotturist i den norske fjellheimen på 1860- og 70-talet.

Eit skår i gleda: Eg rekk ikkje å avslutte manuskriptet i tide til bokhausten 2007 som planlagt. I staden kjem boka til diktarens 172-årsdag i februar 2008. Det skal gå bra.
# lagt inn 18.5.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?