<$BlogRSDUrl$>

29.7.07

Olsok 

Det er litt stilt på denne sida for tida, men Olavsdagen må vi no prøve å markere, sidan Elias Blix tok del i initiativa for å få liv i tradisjonen ved hundreårsskiftet (og jamvel skreiv ein salme til dagen).

I Hognestad-arkivet, boks IX fann eg omsider her i vår ein trykksak eg har leita etter lenge: "Salmar og Tekster til Kyrkjebruk 17. Mai og 29. Juli. Utgjevne av Norigs Ungdomslag med Løyve fraa Kyrkjedepartementet", utan årstal. Eg har dessverre ikkje noko digitalt bilete av dette dokumentet, men eit oversyn over innhaldet finn du her:

1. Det Folk, som frægt vil vera
2. Mitt Hjarta, lova Herren
3. I Norigs Vetter rann ein Vaar
4. Vaar Gud, deg vere Lov og Ros
5. Gud signe vaart dyre Fedraland
6. Himmelske Fader

Tekster til 17. Mai
Kollekt
Lektie I Salme 36,3-11
Evangelium I Matt 7,7-11
Lektie II Salme 124
Evangelium II Mark 11,22-25
Epistel III Fil 4,8-9
Evangelium III Luk 1,50-53

Tekster til 29. Juli
Kollekt
Lektie I Salme 100
Evangelium I Joh 12,24-26
Lektie II Salme 145,1-7
Evangelium II Matt 13,31-33
Epistel III Ef 5,8-11
Evangelium III Luk 19,37-40

Kollektbøna for olsok gjev eg att in extenso. Det er nok Hognestad sjølv, ikkje Blix, som står for teksten:
Herre vaar Gud, Fader i Himmelen! me takkar deg, at du gav Norigs Konge, Olav Haraldsson Naade og Kraft til aa reisa Krossmerket millom vaart Folk og ved sitt Liv og gjenom sin Daude grunna din Sons, vaar Herre Jesu Kristi Rike i eit samla og sjølvstendigt Fedraland. Me bed deg, at du naadeleg vil styra og leida vaare Hjarto og vaare Vegar, so me i Liv og Daude kann halda fast ved ditt heilage Ord og i Fred og Samhelde byggja vaart Land, deg til Æra og vaart Folk til Lukka og Velsigning ved vaar Herre Jesus Kristus, din Son, som med deg liver og rikjer i Eining med den heilage Ande, ein sann Gud, fraa Æva og til Æva. Amen.
# lagt inn 29.7.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.7.07

Seljord 

Eg rakk ikkje til Melbu, men eg har vore ei veke i bygda der M. B. Landstad var sokneprest og Viggo Ullmann dreiv folkehøgskole. Det har vore Korsvei-festival på Dyrskuplassen 17.-22. juli (også Varden har vore der, og Vårt Lands Erling Rimehaug har møtt hovudtalar Gerald West). Etter oss kjem country-festivalen ...
# lagt inn 24.7.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Liv i Melbu 

Eg har registrert at eg burde ha vore på sommarens litteraturseminar i Melbu, "Å skrive et liv" (15.-17. juli). I tre dagar har dei heldige fått høyre og snakke med notabilitetar som Jørgen Haugan, Vigdis Hjort, Ragnar Hovland, Ingar Sletten Kolloen, Arne Melberg om biografi- og romanskrift, ja, blogging med, for den saks skuld. Eg har funne eit par førehandsomtalar, men ingen rapport om korleis seminaret blei (jo, denne. Men den seier ikkje stort). Deltakarane sit vel no og skriv sitt liv ...
# lagt inn 24.7.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.7.07

Kulturelle fyrtårn 

Saltenposten 12.06.2007:
FAUSKE/SALTDAL: I år var det 'De tok et steg...', 100-årsmarkeringen i Sulitjelma, som var den kulturelle markeringen i Salten. Nå skal denne kulturelle satsingen fortsette å gå på rundgang i kommunene. Neste år blir det trolig markeringen av Trygve Hoff sin 70-årsdag som blir fellesmarkering. Året etter blir det markering i Hamarøy, 150 år etter at Knut Hamsun ble født. I 2011 blir det trolig markering i Gildeskål siden det da er 175 år siden Elias Blix ble født.
Les meir.
# lagt inn 23.7.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Bokmerke 

Streng epost frå yngste bror min, som er norsklærar på Stange vidaregåande skole: "Legg denne siden som favoritt på i explorer!" Så får vi vel det: www.uppdal.no.
# lagt inn 23.7.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.7.07

Vekeblad 



I dag bryt eg eit bod med fullt overlegg. "Du skal ikkje stele", heiter det i Skrifta. Denne fantastiske reklameplakaten har eg stole frå bloggar- og prestekollega Arne Berge. Vil du vite meir, må du gå til bloggen hans.
# lagt inn 16.7.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.7.07

Fiskarbønder 

Forskning.no:
1800-tallets fiskerbønder levde farlig og arbeidet hardt for å betale gjeld. Likevel oppsto myten om den late og snyltende nordlendingen.

Nordlandske fiskere var et hardt arbeidende og gjeldsbetalende folkeslag.
Det viser førstearkivar Bente Hartviksens doktoravhandling 'Fiskerbøndenes arv – Gjeldsrelasjoner i Nordland 1780-1865 vesentlig belyst ved skiftemateriale' forsvart ved Institutt for arkeologi, konservering og historie 2. juni i år.
Eg visste ikkje om denne avhandlinga, men eg nemner den fordi den ser ut til å kaste eit interessant lys over tilværet til nordlandske fiskarbønder - altså den sosiokulturelle bakgrunnen for barndomsheimen til Elias Blix.

Les meir.
# lagt inn 13.7.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.7.07

Dagens Blix 

Sundagstankar.
Joledag.


Gledeleg jol! Med dette gode gamle ord helsar me kvarandre i denne sæle joletid. Og yver vaart land gjeng songen fraa dei mange tusund munnar:

Glade jol! heilage jol!

Der er gleda i landet i desse dagar, paa alle leider kann me sjaa og høyra jolegleda: ho lyser imot oss i dei mange straalande joleljos og i dei mange smilande barneaugo, ho ljodar imot oss i glade tonar fraa kyrkjeklokka og orgel og jolesongar fraa dei tusund tungor; der gjeng ljos um landet og song i lufti. Ja, her er gleda og skal so vera. Det høyrer me av den helsing, som Guds engel kom med um jolenatti:
Sjaa, eg forkynner dykker ei stor gleda, som skal timast alt folket, for i dag er dykker ein frelsar fødd!
Du er neppe klar for ei julepreike midt på sommaren, men sidan eg no fann denne her om dagen, må eg skunde meg å publisere den før eg gløymer det.

Dette er den einaste publiserte preika av Elias Blix som eg kjenner til. Julepreika stod på framsida av julenummeret til målavisa Den 17de Mai i 1898, signert "Dr. E. Blix". På mange måtar er den svært tradisjonell. Verd å merke seg er for det første kor mykje framstillinga til Blix er prega av den særlege dualismen som finst i tankeverda til evangelisten Johannes, med opposisjonar som "Gud - verda" og "lys - mørker". Dessutan er sitata i stykket svært interessante. Eit par bibelsitat, som det høver seg, men fleire salmesitat. Bortsett frå det første (det var Bernt Støylen som gjendikta "Glade jol") er det nye salmar av predikanten sjølv som blir siterte: "Eg trur, men ikkje lenger" (overskrift i Salmar og Songar 1900: "Kvi eg trur"), "I alle land og rike" ("Ingen er som Jesus") og "Kom og kjenn den store gleda". Den første av desse tre var publisert i Stille Stunder i februar 1897. Men for dei to siste kjenner eg ikkje annan publikasjonsstad enn Salmar og Songar. Er dette rett og slett første gong desse versa blei publiserte? Eller har eg oversett noko? Rynnings Salmeleksikon hjelper ikkje.

Les meir (Den 17de Mai 24.12.1898)
# lagt inn 6.7.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Fleire festspelbilete 

frå Ivar Aasen-tunet.
# lagt inn 6.7.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Meldinga 

I dag melder Jan Ove Ulstein salmekonserten i Volda kyrkje under Dei nynorske festspela i Dag og Tid: "Dei nye feiringssalmane viser gode tilslag, men vil truleg ikkje sleppe gjennom nålauga til salmeboka.

11 nyskrivne feiringssalmar
Konsert i Volda kyrkje under Dei nynorske festspela 28.6.07"

Les meir.
# lagt inn 6.7.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.7.07

Dagens (Ragnvald) Blix 

I dag har eg endeleg fått med meg den store Ragnvald Blix-utstillinga på Oscarsborg (nr. 5). Den viste seg å vere riktig god og vel verd eit besøk på ein grå julidag. Mange høgdepunkt her. Dei tidlege teikningane av nordiske forfattarar og kunstverk i Paris-museum er representerte, utstillinga er bra om Simplicissimus- og Exlex-tida, og svært god på dei antinazistiske teikningane frå 1930- og 40-talet (mange under pseudonymet Stig Höök, i Göteborgs Handels- och Sjöfartstidning).

Sjølv om Ragnvald Blix høyrer neste generasjon til, er teikningane høgst relevante for ein som arbeider med bok om Elias Blix. Forutan ei rad teikningar av faren har Ragnvald Blix teikna både Alexander Kielland, Anton Chr. Bang og Christian Krogh. Men eitt spørsmål har eg framleis ikkje funne svar på: teikna han nokon gong Arne Garborg?
# lagt inn 5.7.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.7.07

Dagens Blix (Dass) 

frå eit lesarinnlegg i Nordlys:
Slik omtalte han [Elias Blix] minner fra barneåra:

"Alt fraa Barneaari var eg glad i aa syngja og song alt eg kunne faa tak i. Daa me den Tid ikkje hadde saa mange Songsamlingar, saa vart det berre Salmeboki aa taka til. Ja, og so hadde me nokre av Peter Dass´ Songar, hans Nordlands Trompet kunde eg tidleg mest utaboks, og især vart eg aldri trøytt av aa lesa dei Stykkje, der han Peter brukar reint nordlandsk Maalføre."
...

Er det grunn til å tro at Elias Blix var den eneste nordlendingen som leste «Sin Herr Petter» og var glad i hans sanger og dikt? Eller var det vanlig i Nordland på midten av 1800-tallet at Petter Dass «"fant veien" til vanlige folk fordi han bedre enn noen andre til da hadde tolket deres arbeid og slit?
Innlegget er forfatta av Arne Nygaard. Han kan stø seg på Narve Fulsås om han vil.
Les heile.
# lagt inn 4.7.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.7.07

Biblioteksprest 

Nasjonalbiblioteket er det blitt enda trivelegare. Når du går inn til spesiallesesalen, blir du no møtt av Anders Hovden på sokkel.
# lagt inn 3.7.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.7.07

og livnar 

Når eg først er i gang, må eg ikkje gløyme desse:
# lagt inn 2.7.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

No livnar 

"det er vel travle dagar når våren kjem her nord"

Serien med Blix-allusjonar held fram. I dag: Guffen.
# lagt inn 2.7.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Festspelbilete 

frå Sunnmørsposten.
# lagt inn 2.7.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Til Holmlia 

"NESTE ÅR BØR Dei Nynorske Festspela leggjast til Holmlia og tore å stille meir provoserande spørsmål enn dei same gamle," skriv debattredaktør Hilde Sandvik. Les kvifor i Bergens Tidende.
# lagt inn 2.7.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.7.07

Post festum 

No pustar dei vel letta ut i Aasentunet, Dei nynorske festspela er over for denne gongen. Eg fekk berre med meg eit festspeldøgn denne gongen, men er mine opplevingar representative, må dette ha vore svært vellukka.

Eg rakk ikkje å høyre den nye kringkastingssjefen love meir nynorsk og dialekt i NRK på torsdag (suverent mest publiserte nyheit frå festspela). Men eg fekk med meg utdelinga av nynorskprisen for journalistar (til Kjell-Erik Kallset, Dagsavisen), følgt av ein svært interessant og konsekvensrik paneldebatt om målbruk og ytringsfridom for journalistar. Så høyrde eg Jan Landro intervjue festspeldiktar Erna Osland. "MålBar" på Møre Folkehøgskule på sein kveldstid, stinn brakke for å høyre dei to "Lord of the Rings"-omsetjarane Torstein Bugge Høverstad og Eilev Groven Myhren debattere omsetjingsproblem, under leiing av ordstyrar og språkdirektør Sylfest Lomheim. Debatten har overføringsverdi til bibelomsetjing, som er mitt daglege arbeid. Men profeten Mika kjem ikkje til å snakke halling i prøveomsetjinga som kjem i haust. Og så las Erna Osland godnatthistorie for oss, det var koseleg.

Fredagen høyrde eg Ivar Aasen-foredraget, der Gunvor Risa tala om nynorsk barnelitteratur, med hovudvekt på Rasmus Løland, må vite. Dessverre blei flyet mitt kansellert og eg måtte reise tidlegare enn planlagt, så eg fekk ikkje med meg multilingvisten Rolf Theil sitt program "All verdas språk" (på 60 minutt!).

Og så treff ein så mange hyggelege menneske på festspel. Som Sunnmørsposten-journalist Karin Rykkje, som eg ikkje har sett sidan vi tok mellomfagseksamen i musikk saman på Chateau Neuf i 1981. Takk for denne gongen, alle gamle og nye kjentfolk på festspel. Var du der ikkje? Det kjem nok ein sjanse neste år òg.
# lagt inn 1.7.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kyrkjekonserten 

Eg har vore vel heime i eit par dagar alt, men jordbærsesongen kom tidleg i år, og matauk går framfor blogging. Som det går fram av dette biletet frå Volda-avisa Møre, eg har vore på festspel og teke del i kyrkjekonserten "Dei nye feiringssalmane" torsdag 28. juni i Voldskyrkja.



Det var riktig gildt, mykje folk og mange dyktige musikarar i ulike sjangrar. Det var ikkje berre dei tre vinnarsalmane som blei framførte, men jamvel ein handfull av dei andre nyskrivne salmane (m. a. tekstar av Heidi Strand Harboe, Halldis Reigstad og Brit Bildøen) - og tre gode gamle (Blix og Støylen).

Mi rolle var å binde saman gammalt og nytt gjennom ein presentasjon av Elias Blix, opphavet til heile den nynorske salmetradisjonen. Tekstane mine ligg her, om nokon skulle ha interesse av dei.
# lagt inn 1.7.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?