<$BlogRSDUrl$>

2.1.08

Nytt (biografi)år 

Godt nytt år!

Eg trudde det var lurt å vente med biografiutgjevinga til etter det store biografiåret 2007, men i dag melder Nationen om "Biografi-boom i vår." Ja, ja. Ein skal konkurrere med jubilantar som Henrik Wergeland, Geirr Tveitt, Olav H. Hauge og Henrik Wergeland. Eg skal ikkje klage, både min eigen Blix-biografi og Olga Støylen Rundes Støylen-biografi er tildelt spalteplass. Det er sjølvsagt berre jug og fanteri og marknadsføring når forlaget har fått avisa til å skrive at "Samlaget kjem også med den første biografien av salmediktaren, politikaren og fiskarbondesonen Elias Blix (1836 – 1902)". Det har vore fleire før, med Reidar Bolling (1953) som den viktigaste. Men denne blir i alle fall størst. Sjølv ser eg mest fram til Stephen Waltons Skaff deg eit liv! Om biografi, der han "drøftar sjangeren med kritisk blikk.

– Kva skjer når ein biograf prøver å skaffe seg eit liv, livet til ein annan person, spør Walton i boka."
# lagt inn 2.1.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?