<$BlogRSDUrl$>

29.2.08

Direktør 

Eg var tilfeldigvis i Samlaget i dag og fekk med meg at dei tilsette skulle i allmøte for å møte den nye direktøren sin. Så kan eg vere tidleg ute med å gratulere Nationens Tove Lie med ei av dei viktigaste strategiske stillingane i norsk kulturliv.
# lagt inn 29.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Første melding 

Den første meldinga av Ein betre vår ein gong står, ikkje overraskande, i Dag og Tid i dag. Den er lang, grundig og kompetent, skriven av professor i lesevitskap (og Blix-kjennar) Bjørn Kvalsvik Nicolaysen ved Universitetet i Stavanger. "Meisterleg om salmemeisteren", heiter det i overskrifta. Ingress:
Anders Aschim har laga eit storverk om Elias Blix og samtida hans. Då kan ein tilgje at diskusjonane om sjølve diktarverket er sporadiske i biografien.
Eg skal ikkje falle for freistinga til å diskutere enkeltpoeng i meldinga (freistinga ligg i det meldaren skriv om handsaminga av diktarverket), eg skal berre seie at denne meldinga er eg svært glad for. Eg er stadig velsigna med kvalifiserte lesarar som har lese den boka eg ønskte å skrive i staden for å foreslå at eg burde ha skrive ei heilt anna bok. Eg tek til å lure på om eg faktisk har greidd å skrive den boka eg ønskte å skrive.
# lagt inn 29.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.2.08

Tromsdalen 

Med salmekvelden i Tromsdalen kyrkje i kveld har eg gjennomført åtte ulike arrangement på sju dagar her nordafor. I morgon reiser eg heim, det skal bli godt, det òg, sjølv om dette har vore moro.

Kvelden blei svært vellukka, den. Fin form for "interaktivitet", mykje allsong (akkompagnert av kantor Kristian Paulsen), noko korsong (samansatt kor av songarar frå Domkyrkja og Tromsdalen, leia av Kent-Eirik Olsen), eg batt det heile saman og heldt eit kort kåseri om Elias Blix i Tromsø. Med 70 frammøtte var kyrkjelydssalen fullsett. Og så godt dei song! Det er bra det finst éin institusjon her i landet som held allsongen ved lag, det bør dei mest kyrkjekritiske sjeler innrømme.

Så blir det eit par "normale" arbeidsdagar før Sunnmørsturen til helga.
# lagt inn 27.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Biografinytt 

For å begynne med meg sjølv (eg driv trass alt og marknadsfører ei bok): Guri Kulås har eit intervju med meg i Klassekampen i dag (papirutgåva). Smakebit:
- Noko av det som er mest spanande med Blix, er at han gjev eit privilegert utsynspunkt til det mylderet av prosessar som forma det moderne Noreg, seier Aschim til Klassekampen.
- Han tilhøyrer den fyrste generasjonen som får høve til den type stor sosial mobilitet. Eg nyttar det moderne uttrykket klassereise.
- Det einaste minuset frå ein biograf sin synsstad, er at den profilerte nasjonale målmannen og venstremannen Blix døydde eit par år for tidleg. Vi skulle gjerne hatt hans reaksjonar på 1905.
Dette intervjuet er eg riktig nøgd med. Dessverre var eg utan internett-oppkopling store delar av dagen i går, elles skulle eg ha berga journalisten frå den vesle feilen å gje A. Chr. Bang æra for det første landsmålstestamentet.

Så får eg sjå litt vidare omkring. Det dreg opp til ny biografidebatt i kjølvatnet av boka med ein av vårens mest velformulerte titlar, Stephen Waltons "Skaff deg eit liv!" - ei bok med tekstar om biografien. Boka til Aasen-biograf Walton er omtala i NRK i dag. Dessutan er biografiforskar Marianne Egeland intervjua i dagens utgåve av Klassekampen. I går møttest Walton og biografkollega m. m. m. Knut Olav Åmås til samtale på Blå i Oslo. Eg veit ikkje korleis det gjekk, eg er annan stad.

Eg har lese det meste av boka til Stephen Walton, med stor interesse. Biografien min går nok i mangt andre vegar enn dei han peikar ut, men eg trur Blix-boka skal klare seg rimeleg godt i møte med den typen biografi-kritikk Walton representerer.
# lagt inn 27.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

På seminar 

Tromsø-lanseringa av Ein betre vår ein gong tok til med eit seminar i Grønnåsen kyrkje i formiddag kl. 9-12, arrangert av Kyrkjeleg utdanningssenter i nord. Eg heldt foredrag for eit publikum av studentar, prestar og nokre andre interesserte (mellom dei foreldra mine og bibelomsetjarkollega Britt Rajala), ei svært lydhør forsamling som song godt. Professor Tove Bull gav den første faglege responsen på boka. Det var vel førebudd og velartikulert, og eg må vel ha lov til å seie at både boka og eg kom heilskinna frå det. Det slår meg kor privilegert eg har vore med kvalifiserte lesarar som har forstått kva for ei bok eg har ønska å skrive. Det gjeld både dei to forlagskonsulentane Einar Økland og Ottar Grepstad, og det gjeld respondent Tove Bull. Kantor Matthias Anger (i år ansvarleg for kyrkjemusikkutdanninga ved KUN) hadde med seg tre songstudentar frå konservatoriet, dei gav ein flott minikonsert. Matthias har vore ansvarleg for avviklinga av seminaret og ikkje minst: for tonefølgje. No sit eg og førebur kveldsarrangementet, Tromsdalen kyrkje kl. 19.00.
# lagt inn 27.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.2.08

Tromsø 

No sit eg i Tromsø og førebur morgondagen. Først seminaret i Grønnåsen kyrkje kl. 9-12, så salmekveld i Tromsdalen kyrkje kl. 19.00. Det siste arrangementet er flytta til kyrkjelydssalen, kyrkjesalen er stengt av tekniske grunnar. Dei har ein del reparasjonsarbeid å gjere i "Ishavskatedralen".
# lagt inn 26.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Bodø 

Hovudpost på programmet i dag: Entusiastisk dobbelttime med norskstudentane til Kjellrunn Trohaug på Høgskolen i Bodø. Veldig morosamt og engasjert auditorium, ikkje minst under nærlesing av salmetekst.

Etterpå: Audiens hos biskop Tor Jørgensen. Han og eg har ete middag i lag (fersk skrei med lever og rogn) på Restaurant Blix, eg måtte få med meg den før eg reiste frå Bodø.

Elles har Avisa Nordland avslutta dekninga av lanseringa med ein reportasje frå skoleprogrammet i går i ”Næravisa” si i dag, 26.02.2008. Dessutan blir arrangementet i Aasentunet søndag som kjem marknadsført både på deira eigne nettsider og i Vikebladet Vestposten. Det er likevel kronprinsesse Mette-Marit som skaffar Elias Blix dei største avisoppslaga i dag, inkludert framsida av VG. Sitat:
Elias Blix` fedrelandssalme «Gud signe vårt dyre fedreland» gir Mette-Marit bilder av kong Olav som var, på mange måter, Norge. For henne ble han senere naturligvis både menneske og bestefar.
Men salmen har etterhvert også fått innvirkning på hennes egen rolle:

- (..) jeg knytter også Fedrelandssalmen til den kristne, historiske arven vår og til stoltheten over å være en del av den helheten Norge er. Jeg retter ryggen når jeg hører Fedrelandssalmen. Den inspirerer meg til å være villig til å stå for å kjempe for dette som er så mye større enn meg selv, og som jeg som ett enkelt menneske er en del av.
Overskrifta til denne saka er "Mette-Marit refser det overfladiske". Høgdepunktet i nettavisas presentasjon er metakommentaren, meiningsmålinga "Hva mener du? Har Mette-Marit rett i at samfunnet er for overfladisk?" Svaralternativ 1: "Jeg synes det er akkurat passe overfladisk"; 2. "Ja"; 3. "Nei". Eg trur ikkje dei er ironiske eingong. Kva folket meiner? I skrivande stund meiner 71,66 prosent av dei 6726 som har røysta at ho har rett.

Sjå òg NRK Nordland: ”Finner trøst i salmer fra nord” - og følg gjerne peikaren ”Les mer om Elias Blix”.
# lagt inn 26.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.2.08

Dekninga 

av boklanseringa i lokale media er det ikkje noko å seie på. Såkalla riksdekkjande media når sjølvsagt ikkje så langt nord som hit.
PS: Haugenbok.no sel dessutan boka til redusert pris. Da får du råd til to og kan gje den eine til nokon du er glad i.
# lagt inn 25.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Lanseringa 


Hanna-Lisa Skau i Avisa Nordland har teke dette representative biletet frå lanseringsdagen. Bak boka ser ein forfattaren, bak forfattaren fjellet Sandhornet. Elias Blix er oppvaksen nett her, "der eit fjell stig mot sky" og alt det der.

Eg sit på eit hotellrom i Bodø og har frikveld(!) etter ei svært rikhaldig og vellukka lanseringshelg. Eg møtte Gunnvor, kona mi, og dei tre barna våre i Bodø fredag kveld. Vi kjørte til Kjøpstad i Gildeskål, der vi hadde base i helga på den garden der Gunnar Stålsett er oppvaksen.

Laurdag kl. 14.00 var meir enn 200 menneske samla i gymsalen på Sandhornøy skole, ein liten kilometer frå fødestaden til Elias Blix. Oldebarn Marit Blix representerte familien, Sverre Tusvik og Ragnfrid Trohaug representerte forlaget, biskop Tor Jørgensen og mi studievenninne domprost Elin Vangen representerte kyrkja. Og sanneleg hadde ikkje tante Anne Julie reist heile vegen frå Hamar for å vere med, det var ei overrasking.

Eg er rett og slett rørt over det lokale engasjementet. Arrangementet blei ikkje berre ei boklansering, det blei ein manifestasjon av eit nordnorsk lokalsamfunn der alle tar tak. Arrangementskomiteen har eg vist bilete av før. Eg trur ikkje Oscar Berg har hatt mykje nattesøvn denne helga, men så har den tekniske avviklinga gått knirkefritt.

Elevar og lærarar ved Sandhornøy skole stod for ein fin presentasjon av Elias Blix' liv, med Powerpoint-presentasjon og rollespel (om da "Barndomsminne" blei til). Ordførar Walter Pedersen helste frå kommunen. Han og fleire la vekt på kva Blix framleis har å seie for identiteten til dette lokalsamfunnet. Eg presenterte boka og sa nokre ord om Elias Blix' tilhøve til heimbygda si. Sverre Tusvik heldt ei uvanleg strukturert og seriøs helsing frå forlaget. Dessutan slapp han opp for bøker på eit tidleg tidspunkt, det lokale salet i Gildeskål er eg såleis temmeleg trygg på. Biskopens innlegg prova at han faktisk har lese boka i løpet av dei få dagane han har hatt til disposisjon, og at han faktisk meiner den er leseleg for andre òg.

Men for mange av dei lokale var det nok besøket til Marit Blix og helsinga hennar som var høgdepunktet. Marit hadde òg eit par verdifulle gåver frå familien, ein bibel Elias Blix hadde fått av sin gode ven Nils Astrup, misjonsbiskopen som var hos Blix i hans siste stund, og ei samling brev til Blix frå velgjeraren hans i Gildeskål, handelsmann Carl Olsen på Nord-Arnøy. Den økonomiske støtta frå Olsen var avgjerande for at Blix greidde å ta examen artium i 1860.

Sokneprest Kyrre Kolvik var ordstyrar, og to framifrå musikarar batt det heile saman: Songaren Kristian Krokslett (fantastisk register på den karen) og mangfaldige Magne Hanssen, her på piano.

Stor innsats på mange nivå frå Sandhornøy skolekorps. Dei tok ansvar for trakteringa i pausen, og dei spela til allsongane under kransepålegginga ved Blix-bysta. Vêret skiftar fort i denne landsdelen. Strålande solskin om formiddagen var avløyst av sludd og vind da fakkeltoget gjekk, så det var eit heller kjøleg prosjekt å spele "Gud signe vårt dyre fedreland" under seremonien ved støtta. Den står på heimgarden til Elias Blix, og her var det Oscar Berg som heldt appell.

Vi gjestene blei traktert med kortreist laks (Gildeskål har ei stor oppdrettsnæring) på Fjordbua like ved Sandhornøybrua, der vi feira i etterkant.

Sundag var det først festgudsteneste klokka 11 i Gildeskål gamle kyrkje, sjølv om det var midt i fastetida. Berre Blix-salmar og stor stas. Soknepresten forretta, eg assisterte og las evangelieteksten frå det nynorske nytestamentet av 1899. Denne omsetjinga har Elias Blix personleg revidert, og dette er den første utgjevinga av ein nynorsk bibeldel som Det Norske Bibelselskap har teke ansvar for. Biskopen preikte, om Blix og om Paulus, Magne Hanssen spelte på gammalorgelet og Kristian Krokslett song. Kyrkjekaffe etterpå, og ei omvisning i gammelkyrkja ved Oscar som gjestene seint vil gløyme.

Om kvelden kom Bodø Domkor og heldt kyrkjekonsert med reint Blix-program i Gildeskål nye kyrkje, under myndig leiing av 19(!) år gamle visedirigent Espen Myklebust Olsen. Akkompagnatør? Magne Hanssen, sjølvsagt. Eg fekk vere med og lese frå boka. Domkoret er mellom dei som har fornya Blix-tonane dei seinare åra, dels gjennom nykomponerte tonar, dels gjennom lite framførte komposisjonar av eldre komponistar (som Bodøs eigen Fridtjov Anderssen), dels gjennom arrangement av folketonar. Eg har følgt Blix-arbeidet deira over år, og det var flott å få samarbeide med dei.

Og i dag har eg halde 250 skoleelevar i ande (i to omgangar) i nykyrkja med ein presentasjon av Blix. Eg fekk god hjelp, elevane frå Sandhornøy var sportslege nok til å vise framsyninga si for medelevar frå andre stader i kommunen. På ein liten stad som dette må alle kyrkjelege tilsette kunne alt, så det var kyrkjeverje Oddbjørn Nikolaisen som spelte orgel til allsongane.

No er resten av familien reist heim, og eg sit her aleine, litt sliten, men mest takksam. Trur det går greitt med nattesøvnen i natt. Men det er ein eg unner å sove enda betre, og det er min gode fe Oscar Berg.
# lagt inn 25.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.2.08

1 

I kveld reiser eg frå Tromsø til Bodø for å treffe familien min, og så køyrer vi til Kjøpstad i Gildeskål, der vi overnattar og gjer oss klar for ei flott helg. Programmet finn du her. Eg vil ikkje love at det blir noko blogging på vegen, no er det andre ting som er viktigare.

Om du ikkje får med deg festen, kan du i det minste høyre ein Blix-salme på bursdagen (søndag) i NRKs "Salmer til alle tider".
# lagt inn 22.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.2.08

2 

Sein blogging i dag. Eg er i Tromsø, på konferansen "Arctic Discourses 2008". Har halde Blix-føredraget mitt, "An Orientalist in the Arctic" (fin og post-kolonial tittel, ikkje sant), høyrt ei rad interessante føredrag av andre, lært meir om Grønland enn eg nokon gong har visst, møtt bibelomsetjarkollega Britt Rajala (som set om til nordsamisk) og mannen hennar, Harald Gaski, og opplevd joikar og jusprofessor Ánde Somby joike både mygg og bjørn. Konferansen held fram i morgon.
# lagt inn 21.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.2.08

3 

No må eg visst gå over til kulepunkt:
# lagt inn 20.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.2.08

4 

Blix i Bodø
Tysdag 26. februar kl. 10.15-12.00 føreles eg for norskstudentane til Kjellrunn Trohaug ved Høgskolen i Bodø.
# lagt inn 19.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.2.08

5 

Meir Blix i Tromsø:
Salmekveld i Tromsdalen kyrkje (betre kjend som Ishavskatedralen) onsdag 27. februar kl. 19.00. Vi syng Blix-salmar saman med ei gruppe frå Tromsø Domkor, og eg fortel om "Elias Blix i Tromsø".

Arrangementet er eit samarbeid mellom Tromsøysund kyrkjelyd og Tromsø mållag.
# lagt inn 18.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.2.08

6 

Neste helg er det lansering i Gildeskål. Feiringa varer, som seg hør og bør, tre heile dagar til ende. Etter arrangementa på Sandhornøya laurdag 23. og på kyrkjestaden søndag 24. februar skal eg møte alle skolebarna pluss dei eldste frå barnehagen i kommunen måndag 25. Det skjer på ungdomshuset på Inndyr. Før vi kjem så langt, har alle elevar arbeidd med alderstilpassa emnehefte om Elias Blix, og elevane frå Sandhornøy skole har øvd inn eit rollespel. Det får premiere på deira eigen skole under hovudarrangementet laurdag, men eg håpar at dei kan tenkje seg å spele det i reprise for dei andre elevane på måndag.
# lagt inn 17.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.2.08

7 

Syn og Segn nr. 1 - 2008 er på veg til abonnentane. Eg siterer min eigen ingress til teksten "Ei Siglingsferd" av Elias Blix:
"Å segle" tyder ikkje det du trur, og Bergen by står i nordlendingens tanke på ein høg stad. Det er meir enn ein kan seie om Bodø. Denne tidlegare upubliserte teksten av Elias Blix handlar om jektefarten frå fiskefeltet i Lofoten til marknaden i Bergen.
# lagt inn 16.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.2.08

8 



Boka kom frå trykkeriet i dag!
# lagt inn 15.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.2.08

9 

Spalta "Dagens Blix" har etter kvart tørka inn. Eg kom nok ikkje heilt gjennom produksjonen hans Elias, det er enno att ein del stoff frå "Salmar og Songar". Men i dag gjenopnar eg Dagens Blix for å gje ei smaksprøve frå den einaste upubliserte salmen eg har funne i Elias Blix' etterlatne papir. Det handlar om ei gjendikting av Grundtvigs ordinasjonssalme "I dag på apostolisk vis", sjå Norsk Salmebok nr. 678.

Slik lyder dei to første versa i Blix' gjendikting:

I Dag me paa Apostelvis
Vil vigja Vitne til Guds Pris,
Til Ljos og Trøyst fyr Herrens Smaa:
Me vil deim leggja Hender paa.

Igaar me kom, imorgon fer;
Snart vaare Dagar talde er.
Men Jesus Kristus, dine Aar
Dei gjenom alle Ævor naar.


Resten av teksten kan du lese i Luthersk Kirketidende nr. 2 for i år, som kom ut 18. januar, eller i neste nummer av Stille Stunder. Denne salmen får si urframføring i Aasentunet 2. mars.
# lagt inn 14.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.2.08

10 

Nettbokhandlane averterer no Ein betre vår ein gong. Elias Blix for sal: Det er altså mogleg å førehandsbestille boka.

ISBN-nummeret til boka er 978-82-521-6429-3, for dei som gjerne vil vite slikt.
# lagt inn 13.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.2.08

11 

Heimesidene til Sør-Hålogaland bispedømme har informasjon om lanseringshelga i Gildeskål 23.-24. februar. Dessutan finn du ein peikar til eit intervju Oscar Berg har gjort med meg for Gildeskål Kirkeblad.
# lagt inn 12.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.2.08

12 

Det er ikkje berre Blix som får sin biografi i desse dagar. Også biografien om den ein generasjon yngre salmediktaren og biskopen Bernt Støylen er inne i produksjonsfasen. Når Olga Støylen Rundes biografi om Støylen ligg føre litt seinare i vår, har alle dei tre klassiske nynorske salmediktarane fått nyare biografiar. Anders Hovden-biografien til Jens Kåre Engeset kom alt i 2002.

Eg skal på besøk til Olgas heimtrakter 2. mars. Den kvelden blir det Blix-kveld i Ulstein kyrkje. Da er vonleg Eiksund-sambandet opna som planlagt, så det er mogleg å reise frå Aasentunet i Hovdebygda og ut til øyene landevegen.
# lagt inn 11.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.2.08

13 

Før helga fekk eg sjå og godkjenne den endelege versjonen av bokomslaget. Korleis det ser ut, vil eg ikkje seie, men eg trur folk i Gildeskål vil like det. Omslaget er utforma av ein av dei dyktigaste bokdesignarane i landet. Stian Hole arbeider i Blæst design. Kollegaen hans, Aud Gloppen, har laga dei nye nytestamenta til Bibelselskapet.
# lagt inn 10.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.2.08

14 

Så er det 14 dagar att til lanseringsarrangementet på Våg i Gildeskål. I dag har Avisa Nordland (Bodø) eit oppslag om saka: "Ny Blix-biografi lanseres i Gildeskål." Det ligg ikkje på nett, eg forstår jo at kultursidene i nettutgåva må prioritere Melodi Grand Prix, så eg stel eit bilete frå papiravisa. Her ser du Gildeskål gamle kyrkje i vinterhabitt, i midten står ein av mine viktigaste informantar, museumsstyrar Oscar Berg, til venstre sokneprest Kyrre Kolvik og til høgre kultursjef Petter Kjærnes (for tida fung. rådmann). Desse tre er arbeidsgruppa bak lanseringsarrangementet, dei har lagt ned eit omfattande, entusiastisk og godt arbeid, og eg trur det skal bli ei flott helg.


# lagt inn 9.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.2.08

Dagens Blix 

I HERRENS HUS NÅR KLOKKA BYD
GAKK HUGHEILT INN, GUDS KYRKJELYD
HØYR LUTHERS SUNNE LÆRA
MED TRU PÅ BARNEDÅPENS GRUNN
HANS PAKT I HJARTA OG I MUNN
GIV HERREN LOV OG ÆRA

I dagens Dag og Tid (papirutgåva, kan kjøpast i elektronisk form her) har eg ein artikkel om kyrkjeklokka i Østre Halsen kyrkje i Larvik, "Blix-ord skrivne i bronse". Kyrkja er berre 25 år gammal, men den eine av dei to kyrkjeklokkene er frå 1900, forsynt med ein nynorsk inskripsjon signert Elias Blix. Artikkelen er illustrert med ei heilt ukjend teikning av Elias Blix, laga av sonen Ragnvald i 1899, men ikkje med bilete av kyrkja, så det får du her. Østre Halsen kyrkje ser slik ut:




Eg har skrive om "Klokkerim" av Blix tidlegare. Meir Blix i bronse finst i Bodin kyrkje

# lagt inn 8.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.2.08

Blix med domkoret 

På heimesida til Bodø Domkor kan du lese meir om lanseringskonserten i Gildeskål 24. februar. Du kan òg lese om og høyre utdrag frå "Brim og båra", Blix-plata til koret.
# lagt inn 2.2.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?