<$BlogRSDUrl$>

11.4.08

Støylen-rapport 

Heh! Jamen rakk eg det meste av lanseringsarrangementet på MF i går, takka vere ein velvillig dagsorden i Bibelselskapets styre, der sakene "mine" kom først.

Eg kom for seint, men eg rakk presentasjonane til forfattaren og redaktøren (Sverre Tusvik, som også har vore redaktør for boka mi) og føredraget til biskop emeritus Andreas Aarflot. For ikkje å snakke om familiekoret som framførte Støylen-salmar i god sunnmørsk tradisjon. Riktig gildt var det, og ei slags symbolsk oppreising post mortem for Bernt Støylen, som i heitaste kyrkjestriden på 1920-talet var persona non grata på MF (Ole Hallesby har rolla som mørkemann i denne soga).

Ikkje store presseoppbodet det eg kunne sjå, men eg møtte att mange av mine eigne teologiske lærarar og nokre kollegaer som arbeider med nynorsk kyrkjespråk og salmetradisjon.

Mykje stas på familien Runde frå Ulsteinvik i desse dagar, også over neste generasjon.

Oppdatering: Du kan sjå bilete frå lanseringa her.
# lagt inn 11.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?