<$BlogRSDUrl$>

6.4.08

Aftenposten 

"En salmedikters klassereise."

Det er overskrifta over meldinga av Ein betre vår ein gong. Elias Blix i Aftenpostens søndagsnummer. Ingress:
Et imponerende stort materiale om den kjente salmedikteren, men fremstillingen burde ha vært bedre redigert.
Eg har visst ei stund at Dag Kullerud kom til å melde boka for Aftenposten, og det har eg hatt store forventningar til. Kullerud er sjølv ein rutinert biograf med litterære ambisjonar (Hans Nielsen Hauge, Ole Hallesby), og han er i dag den viktigaste kommentatoren til aktuelle kyrkjespørsmål i norsk presse.

Meldinga er balansert, grunnleggjande positiv, men ikkje ukritisk: "Gjennom sakene Blix var opptatt av, etablerer Aschim store scener med et rikholdig persongalleri. Men av og til tapes Blix av syne i detaljrikdommen. ... En mer stringent redigering ville ha gjort boken mer tilgjengelig." Denne kritikken er i slekt med den Espen Søbye alt har framført i Dagbladet.

Eg registrerer at heller ikkje Dag Kullerud kjem til rette med tittelen:
Derimot er det vanskelig å se at undertittelen "Ein betre vår ein gong" representerer en tråd, eller nøkkel. Den vitner riktignok om et dypere motiv bak den språklige og nasjonale vekkelsen Blix tok del i, men den utgjør ingen linje i selve teksten.
Eg var ikkje så overraska over at Espen Søbye ikkje forstod den, men Kullerud, som kan si salmebok, er eg meir overraska over. Får eg tid, skal eg gje mi eiga tolking for eventuelle interesserte lesarar.

Det er eit par andre poeng i meldinga til Kullerud som eg òg gjerne vil reflektere vidare over. For det eine er konsulentfråsegna hans om framstillinga av den berømte preikestolepisoden i Gildeskål interessant og verd å diskutere. For det andre: Eg hadde kanskje håpa at Kullerud ville sjå nokre sider ved Blix og boka som kan vere relevante i dagens kyrkjelege og politiske debatt, men som eg ikkje uttrykkeleg har tematisert. Han skreiv rett nok ein kommentar i Aftenposten i går om "Salmer som tegn i tiden", men eg trur det finst meir.

Kjem tid, kjem råd. God søndag!<
# lagt inn 6.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?