<$BlogRSDUrl$>

9.4.08

Bibelspråk 

"Nei, eg skal ikkje blande meg i debatten om bibelomsetjinga. Det vil seie at det skal eg nok."

Dette er innleiinga til ein høgst lesverdig kommentar av Andreas Skartveit i Stavanger Aftenblad i dag, under overskrifta "Bibelen er grunnlag for språket". Her er det tenkt mykje klokt om tilhøvet mellom bibelspråk og normalspråk, Skartveit er innom både Luther-bibelen og Gustav Vasas bibel og kva dei har hatt å seie for utvikklinga av det tyske og svenske språket. Fleire døme følgjer, til slutt dette:
Om bibelen har tapt posisjon i vår sekulære verd, så lever han vidare, i kunst, språk og historie, ofte på uventa vis. Det kan kanskje vere på sin plass å minne om det når vi akkurat har fått den første biografien om filologen, bibelomsetjaren og salmediktaren Elias Blix.

Vi og vårt bibelspråk har ei anna historie enn svenskane. Vårt bibelspråk var dansk då det svenske språket vart til. Hos oss hende det lite før Ivar Aasen. Så fekk vi vår målrørsle, som vi er åleine om i Norden. Og kanskje det var i kyrkja, med bibelspråket og salmane, at målrørsla henta dei største sigrane. Sjølv har eg site i ei Oslokyrkje 17. mai der vi song tre nynorsksongar. Slik skulle det vere,og eg trur kanskje eg var den einaste som la merke til det.

Då Bodø-Glimt spela cupfinale på Ullevål, song publikum unisont «Å eg veit meg eit land». Som på Wembley: «Abide with me». Elias Blix i fotballfinale på Oslo vestkant. Det er språkhistorie, bibelspråkhistorie og salmespråkhistore, for å vere nøyaktig. Kort sagt: Historie.
Amen.
# lagt inn 9.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?