<$BlogRSDUrl$>

3.4.08

DagenMagazinet 

Frå hymnologen Nils-Aksel Mjøs fekk eg i dag tilsendt eit annotert eksemplar av DagenMagazinet for 1. april. Datoen gjer ein jo litt mistenksam, men når førstesida har eit fint bilete av Blix og teksten "Eineståande biografi om Elias Blix" med tilvising til side 11, må eg jo slå opp.

Det er Paul Odland (ved Norsk Lærerakademi) som har meldt Ein betre vår ein gong i denne avisa. Det er tydeleg at både han og andre har hatt boka som påskelektyre. Odland har late seg begeistre:
Det er ei stor bok, og eit storhende at boka no kom ut; og ho handlar om ein stor mann ... Flott er det også at Aschim går så grundig til verks som han gjer, når det gjeld Blix sitt engasjement med bibelomsetjing. Han er ein større føregangsmann på dette området enn mange er klar over. ... Eg har berre ein negativ merknad etter å ha storkost meg med Blix-biografien: Det er synd at det ikkje finst sjutal på terningen!
For meg personleg er det ekstra hyggeleg at denne meldinga står i DagenMagazinet. Avisa er nemleg på leiarplass (27. mars) heller kritisk til det bibelomsetjararbeidet eg utfører til dagleg.
# lagt inn 3.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?