<$BlogRSDUrl$>

15.4.08

Nordlys 

Og no er boka meldt i min tidlege barndoms avis, Nordlys i Tromsø (i går, 14. april). Meldaren er ingen ringare enn Tove Bull, ikkje berre professor i nordisk og tidlegare universitetsrektor, men jamvel ein av Blix-spesialistane i riket, ho har skrive hovudoppgåve om Blix-salmane og er forfattar av Blix-artikkelen i siste utgåve av Norsk Biografisk Leksikon. Tove Bull gav til beste ei grundig og kompetent lesing av biografien min under lanseringsseminaret i Tromsø. Og sanneleg gjer ho meg den store teneste å skrive bokmelding og gjere boka synleg i denne (for meg) viktige avisa.
Det er ein monumentalbiografi som no er utgjeven, 600 sider alt i alt, uvanleg velskriven og velkomponert. Først og fremst er det personen Elias Blix Aschim skriv om. Men boka er mykje meir enn ei forteljing om eit livsløp. 1800-talets politiske historie får ein framskoten plass, sjølvsagt fordi Elias Blix også spelte ei politisk rolle. Men her er ikkje berre politisk historie; boka gjev innsikt i språk- og kulturhistorie i det aktuelle tidsrommet, i sosialhistorie, i skole-, utdannings- og universitetshistorie og sjølvsagt òg for ein del i kyrkjehistorie.

Ei kort bokmelding kan på ingen måte gjere boka eller forfattaren rett. Fordi Elias Blix Ein betre vår ein gong var ei så lystfylt lesaroppleving for meg, kan eg ikkje rå andre til å lese boka på ein meir overtydande måte enn ved å ønskje meg fleire bøker frå Anders Aschims hand.

Om det er tillate å sende inn ei bestilling i ei bokmelding, har eg lyst å nemne at det samla nordnorske intellektuelle utflyttarmiljøet til Christiania i Blix' samtid kunne fortene ein kollektivbiografi, t.d. med arbeidstittel: Nordnorsk hjerneflukt til Christiania!
# lagt inn 15.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?