<$BlogRSDUrl$>

29.4.08

Roma 

Det har vore tyst ei vekes tid på BlixBlog. Eg har hatt ei fin ferieveke i Roma saman med ei eg er glad i. Det var hennar første Roma-reise, sjølv var eg i byen for temmeleg nøyaktig 30 år sidan (med latinlæraren min frå gymnaset, Jostein Høgetveit, som reiseleiar). God blanding av kulturminne, folkeliv og mosjon (vi har gått mykje), sol og godt vêr heile veka. Eg må nok innrømme at Roma er litt for barokk for meg, det eine kunstverket slår det andre i hel. Av overraskingar som det ikkje står om i turisthandboka vår må særleg nemnast den store (årlege?) putekrigen på plassen foran kyrkja Santa Maria in Trastevere. Hundrevis av ungdommar var samla på plassen søndag ettermiddag og delja laus på kvarandre av hjartans lyst, medan eit stort politioppbod passa på at putekrigen ikkje utarta til krig med tørre nevar eller andre våpen.

No er det striskjorta og havrelefsa att.
# lagt inn 29.4.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?