<$BlogRSDUrl$>

28.5.08

Eksistensielt 

Eit par veker har eg hatt liggjande eit "Innspel" frå kulturavisa Hordaland 10. mai 2008. Det er skrive av far til bloggarvidunderbarnet Guffen. Eg har tenkt mykje over dette skriftstykket dei siste dagane, særleg av følgjande grunn:
Eg var nyleg til stades då Anders Aschim presenterte ein ny biografi om Elias Blix. Eg kjenner Aschim litt, og etter foredraget hans ville eg gjerne ha han til å skriva ei helsing i biografien. Eg hadde det travelt, og på veg ned til scenegolvet tok eg dei to-tre siste trappetrinna i eitt steg. Det vart for mykje for det relativt nyopererte kneet mitt. Det svikta under meg, slik at eg på rekordtid låg og sprella på golvet.

Kneet var altså nyoperert. Eg opererte menisken i oktober, og eg trudde at kneet var i nokolunde god form igjen. Det var altså feil, smertene vart verre og verre, og etter nokre rundar i helsevesenet, der eg vart godt kjend med alle dokterane på helsestasjonen i Volda, og i tillegg fekk møta gamle kjende i helsestellet på Voss, viste det seg at eg måtte opererast på ny. Dei siste dagane har eg difor hinka rundt på krykkjer. Aschim seier at etter det han kjenner til, er det ingen som har ofra så mykje for å få namnetrekket hans.
Eg vil med dette få stadfeste det siste, ja, eg vil seie det så sterkt som at eg er HEILT SIKKER på at ingen har ofra så mykje for namnetrekket mitt.

Eg fekk artikkelen i handa på ei tid da eg så smått var begynt å reflektere over den eventuelle nytten av å ha investert såpass mykje tid av sitt eige liv i å skrive om andres - og det eventuelle utbytet for eventuelle lesarar som måtte finne på å investere så mange timar av sine eigne liv som det krev å lese denne boka. Eg har vore innom slike tankar i boka òg, til dømes på side 14:
På andre kjenner ein seg sjølv. Møte med menneskeliv frå ei anna tid kan vere ei hjelp til å sjå nye sider ved sitt eige liv og si eiga tid. Det er ein god grunn både til å lese og til å skrive biografiar.
Eg trur faktisk eg meinte (og meiner) det eg skreiv. Men innspelet i Hordaland gjer at eg må tenkje nytt og større om kva ein biografi kan gjere med livet til eit anna menneske. Det viser seg nemleg at den omtala episoden (som boka mi på eit vis var skuld i) verkeleg har fått skribenten til å reflektere vidare over sitt eige liv - men under overskrifta "Idiotskadar": Med utgangspunkt i uhellet med kneet gir han til beste ei tre på topp-liste over andre unødige sjølvpåførte lidingar som har råka han gjennom livet. Det er altså ikkje lesinga av mi geniale framstilling av Elias Blix' geniale liv som har framkalla desse refleksjonane, skribenten har ikkje eingong trengt å opne boka for å kome fram til desse erkjenningane (no veit eg frå andre kjelder at han har gjort det òg, han har faktisk lese temmeleg grundig, men det er ikkje poenget. Poenget er:)

Det er altså sant som dei seier: Når ei bok først finst der i det offentlege rommet, har forfattaren ingen kontroll over kva for verknader boka kan få.
# lagt inn 28.5.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?