<$BlogRSDUrl$>

27.6.08

Språkmelding 

I dag blei stortingsmelding 35 lagt fram: Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk. Dei første kommentarane er positive, til dels overstrøymande. Så vidt eg kan sjå, lovar meldinga meir av alt. Kanskje det er grunnen. Eg skal rett nok ikkje skryte på meg å ha lese alle dei 266 sidene enno, så det kan ha vore noko som har gått meg hus forbi.

Sjansen er stor for å få høyre meir om dette i dagane som kjem, men neppe her på BlixBlog.
# lagt inn 27.6.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.6.08

In memoriam 

Det har gått nokre veker alt sidan dødsfallet til Per Fuglum (1924-2008).

Fuglum var historieprofessor ved den institusjonen som etter hans tid fekk namnet NTNU, altså universitetet i Trondheim. Eg møtte han aldri. Likevel er han ein kjenning eg har stor respekt for. Band 2 av hovudverket hans, biografien om Ole Richter, er nok den boka som meir enn all annan sekundærlitteratur har påverka meg i arbeidet med historia om Johan Sverdrups regjering (kapitlet "Statsråd" i Blix-biografien).

et lux perpetua luceat eis
# lagt inn 26.6.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Glossy 

No er det visst lenge sidan det har stått noko om Olaug Nilssen på BlixBlog. I Klassekampen i dag er ho intervjua i høve den svake stillinga nynorsk har i norske dameblad. Intervjuet "Nynorsk glitter og glam" er skrive på bokmål ...

Framhald under Dei nynorske festspela i dag, paneldebatt med temaet "Kan vi sminke oss på nynorsk?" Eg får det visst ikkje til på bokmål eingong.

Oppdatering, 27.06.08: I dag kan du lese innleiinga til Olaug Nilssen på kronikkplass i Bergens Tidende.
# lagt inn 26.6.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.6.08

Surare 

Om eg er sur, er det ingenting mot Nils Chr. Geelmuyden. Nøyaktig kva han meiner om innkjøpsordninga for sakprosa kan du lese i "Signert"-spalta hans i Aftenposten i dag. Dessverre kjem han i skade for å bruke skyts som er i grøvste laget i vonbrotet over manglande innkjøp av eigne bøker:
Blant de senere års innkjøpte sakprosabøker finner man titler som Landsgymnaset, Musikkens verden, Norges nasjonalparker, Stol og ekstase, Bergkunst og Kunsten å lese. Bøker som garantert ikke utfordrer makthaverne eller den rådende samfunnsorden. Bøker som for en stor del kunne blitt innkjøpt av den nordkoreanske stat.
Til dette bør det seiast at "Landsgymnaset" fortel historia om eit av dei mest ambisiøse motkulturelle tiltaka i kongeriket, og at hr. Geelmuyden ikkje kan ha lese sin Gunnhild Øyehaug. "Stol og ekstase" ville definitivt ikkje ha blitt kjøpt inn av den nordkoreanske stat.
# lagt inn 25.6.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Sidan Fjell og Vidde-artikkelen no er publisert, legg eg ut den tidlegare upubliserte "Opsang for Jotunheim-farere" på bloggen òg. Songen finst som korrekturtrykk med rettingar frå Elias Blix si hand i papira etter Ivar Blix. Forfattarnamn står ikkje på arket, men det er all grunn til å tru at dette er eit ekte Elias Blix-produkt. Songen er ikkje datert heller, men eg trur helst den må vere frå sommaren 1877. Den sommaren gjorde Blix den einaste Jotunheim-turen eg har dokumentasjon om. Det kan sjølvsagt tenkjast fleire turar, eller at dette er eit bestillingsverk for vener.
Opsang for Jotunheim-farere.
(Mel: ”Ja, vi elske dette Landet.”)

Bort fra Vrøvlet, langt fra Byen,
Hver en Fjeldets Mand!
Op paa Fjeldet, over Flyen,
Drag saa langt, du kan!
Der er Lægedom at finde
For saa mangt et Saar.
Der vi nye Kræfter vinde
For hvert Skridt, vi gaar.

Derfor freidig frem vi ile,
Frem i sluttet Lag!
Vi maa fremad mange Mile
Endnu denne Dag!
Over Fjeld og over Finne
Gaar vort Jotuntog,
Mænd, hvem Fjeldets brattest Tinde
Aldrig Skræk indjog.

(Trykt ark med handskrivne korrekturar, Nasjonalbiblioteket i Oslo, Ms 4° 4483:2)
# lagt inn 25.6.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix til fjells 

Fjell og Vidde er som kjent bladet til Den Norske Turistforening. I juni-nummeret (nr. 4 for i år) står det ein interessant artikkel om "Fotturisten Elias Blix" (s. 112-113). Eg har forresten skrive den sjølv.
# lagt inn 25.6.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Meir festspel 

Det er ikkje berre i Harstad dei har festspel om dagen. På Sunnmøre opnar Dei nynorske festspela i dag. Eg skal ikkje dit i år, eg får fint sitje og skrive ny nynorsk bibel. Men det hadde vore gildt å vere med. Lars Amund Vaage, mannen med dei musikalske tekstane, er festspeldiktar. Mykje anna fint folk kjem det òg, så har du høve, kan du gjerne ta deg ein tur. Personleg vil eg særleg tilrå søndagen, friluftsgudsteneste med Per Lønning og påfølgjande kyrkjekaffe med Paal-Helge Haugen attåt. Haugen er ein modig mann, han kommenterer både Fyrebilsbibelen og Dantes Divina Commedia i dei siste diktsamlingane sine (eg må bruke fleirtal, for det kom fire på ein gong, samla i ein plastpose).

De får ha lukke til der oppe!
# lagt inn 25.6.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Harstad 

Harstad Tidende melder frå festspela i Nord-Noreg:
Ivan, Runa og Elias
Festspillene har gjenfødt det gamle folkeakademiet. Folkeopplysende foredrag, en tallerken suppe og en bit kultur på toppen. Alt for en hundrelapp.
I går var kulturen cellisten Runa Bergsmo. Jammen vekket hun ikke salig Elias Blix tilbake til livet. Presten og politikeren fra Gildeskål ble tatt inn i det festspillseremonielle åpningsrituale av Tove Karoline Knutsen i hennes regjeringstid - men stille sendt i eksil da Birger Carlsen entret tronen.

Inne i den halvmørke Studentkroa slapp Runa løs en vár utgave av "Barndomsminner fra Nordland". Suppeslurpingen og skjeklirringen stanset i respekt for en stille versjon av den høystemte nordnorske nasjonalromantiske fedrelandssalme. Og i undring over at den var tilbake.
Elles var det den legendariske gammelredaktøren i Nordlys, Ivan Kristoffersen, som hadde showet. Det fortel Odd Rikard Olsen meir om, utan at eg skal referere det. Derimot må eg sitere avslutninga hans:
Tilbake til Blix. Han kunne fortjent en oppmerksomhet. I år kom den store Blix-biografien om salmedikteren, bibeloversetteren, lingvisten og politikeren.

Elias Blix var kirkeminister i Johan Sverdrups Venstre-regjering 1884 - 1888. Den første under parlamentarismen.

Hva med en Blix-dag i neste års folkeakademi i Finn-regi. Her er mye å øse av.
Eg får berre seie som salig Darwin P. Erlandsen: "Tiltredes".
# lagt inn 25.6.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.6.08

Stille Stunder 

Litt blidare blei eg av å finne siste nummer av Stille Stunder i postkassa. Her har redaktøren sjølv, prost Ivar Molde, ei stor melding av boka, under tittelen "Stor biografi om Elias Blix". Stille Stunder er kanskje ikkje den publikasjonen som har størst innverknad på det norske samfunnet i dag, men eit blad som kjem ut med sin 119. årgang skal ein ikkje kimse av.
# lagt inn 24.6.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Sur 

I dag er eg sur.

Boka mi er vegen og funnen for lett (eller kanskje helst for tung) til innkjøp under sakprosaordninga til Norsk Kulturråd. Dei har faktisk ikkje funne plass til ein einaste biografi (med unntak for Ole Moen sin kollektivbiografi om amerikanske presidentar) på første tildeling for i år. Ingunn Økland har altså fått full utteljing for kritikken av ordninga.

I desse Wergeland-tider muntrar eg meg opp med det storslegne refusjonsdiktet "Til min Gyldendal". Om det er nokon som ikkje hugsar det storslegne refusjonsdiktet "Til min Gyldendal" frå leseboka sitt Wergeland-utval, treng dei ikkje vere lei seg for det. Det er Torstein Bugge Høverstad (no mest kjend som omsetjar for Ringenes herre og Harry Potter) som står bak denne praktfulle Wergeland-pastisjen. Eg skal her berre minne om avslutninga: "Nei, vent en stund med stol og tau. / Prøv Aschehoug!" Diktet er jamvel utstyrt med eit "Svar fra Brikt Jensen" (forlagssjef h. v. i Gyldendal, for eventuelle historielause lesarar), med innleiinga: "Jeg i slet Lune, Høverstad ..."

Vel overstått Wergeland-feiring 17. juni, med eventuell tilhøyrande bakrus i jubilantens ånd.
# lagt inn 24.6.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.6.08

Fedralandet 

I morgon kjem det fint besøk til heimkommunen til Elias Blix (Gildeskål, altså; ikkje Oslo). I høve den kongelege vitjinga har Avisa Nordland eit fint oppslag om fedrelandssalmen, eit intervju med Oscar Berg og eit bilete av den berømte aviskladden på Lillehammer-avisa "Framgang" (ikkje "Lillehammer Tilskuer", som det feilaktig står i artikkelen). Du kan samanlikne biletet med det på s. 406 i boka mi. Elles var faktisk BlixBlog den første staden der eit bilete av denne avisa blei publisert, rett nok av låkaste kvalitet.
# lagt inn 18.6.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.6.08

OK, OK 

... det er Henrik Wergelands 200-årsdag i dag. Du kan til dømes feire med å lese artikkelen til Kjell Venås i siste Syn og Segn (papir). Til lukke med dagen.
# lagt inn 17.6.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.6.08

Ramnungar 

Til Oddvar Moi og alle andre som har vanskeleg for å hugse vers 2 av "Himmelske Fader, herleg utan like": Det er ikkje så rart. Dette verset blei ikkje med i Norsk Salmebok (1985). Men eg har frå informert hald fått høyre at verset, etter tallause protestar frå folk som sakna det, no er inkludert i framlegget til ny salmebok for Den norske kyrkja.
# lagt inn 14.6.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Sunnmøre 

Det er fleire enn eg som har gode Blix-opplevingar på Sunnmøre, høyr berre på min gamle lærar Jon-Roar Bjørkvold (som lærte meg alt eg kan om Igor Stravinskij under eit mellomfagsseminar i musikk våren 1981):
Men været var strålende, utsikten fra spisesalen ned mot fjord, vår og snødekte fjell var så vakker at jeg måtte starte med å synge gleden ut med: Elias Blix' "Å, eg veit meg eit land" (i Ess-dur). Det gjorde godt både for meg og de snautt 40 lederne i KFUM-KFUK.
Rapporten er frå Sunnmøre folkehøgskule, Ulsteinvik 20. mai i år.
# lagt inn 14.6.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmesak og kvinnesak 

Styggeleg på etterskot, men eg skuldar å gjere merksam på 8. mars-posten på bloggen til Jostedalsrypa:
Ettersom Elias Blix er så aktuell i år, er det freistande å dra fram Vinje Kvenderøysterettslag i Vest-Telemark. I målrørslesoga peikar nok Vest-Telemark seg ut som eit område med tidleg og sterk målorganisering, noko som altså kan ha hatt konsekvensar for den kvinnepolitiske organiseringa òg.

I 1899 vart det halde folkerøysting i Vinje kyrkje om å kaste ut salmeboka på norsk-dansk for å innføre nynorsksalmane til Elias Blix. Kvinnene i bygda møtte òg fram til denne folkerøystinga, men presten nekta dei røysterett. I kvinnesaksbladet Nylænde skriv Gunnbjørg Vinje:

"Fleire av dei mest uplyste menn i bygdi vilde, at me skulde røyste med, men nei […] 'Kva skal me gjera?' Soleis kviskra det rundt um. 'Lat oss få i stand ei kvendestemmerettsforeining', sa den eine. 'Ja lat oss det', sa fleire av dei andre, ‘me lyt gjera noko no’ […]. Dei, som vilde hava Blix salmur vann nok likevel; men dei hadde fenge eit stort fleirtal, um kvinnurne hadde vore med."

To år seinare, i 1901, prenta Nylænde ei melding frå det som altså no heitte Vinje Kvenderøysterettslag. Her går det fram at laget har tjue medlemer og at leiaren i laget er nettopp Gunnbjørg Vinje. No vart òg laget innmeldt i LKSF. Gunnbjørg Vinje hadde elles hatt kontakt med sentrale kvinnesaksmiljø tidlegare, mellom anna ved å samle inn kvinnerøyster lokalt i Telemark i ein stor kampanje for kvinnerøysterett i 1890. Seinare arbeidde laget for aktuelle (kvinne)politiske saker som arverett for såkalla uekte born, men arrangerte òg debattmøte om meir norskdomsaktige saker som fråhald og grundtvigianisme.

Men det var altså målstriden om Blix-salmane som løyste ut det kvinnepolitiske engasjementet og som vart nytta for å få organisert eit kvinnesaksmiljø i bygda. Gunnbjørg Vinje var då òg ei engasjert målkvinne. Til dømes kom ho på andre plass i Det norske Samlaget si tevling om beste ABC-bok på landsmål i 1886.
Eg har nytta ein kortversjon av denne soga i biografien (s. 420-421), kjelde for den er nett Jostedalsrypa, alias Eli Bjørhusdal. Boka hennar om "Målkvinner før 1900" er ikkje berre eit viktig kvinne- og målhistorisk dokument, den er dessutan eit godt eksempel på sjangeren kollektivbiografi. Mindre kjent enn den Bodil Stenseth skreiv om Lysakerkretsen eller den av Halvor Fosli om Kristianiabohemen, men ikkje mindre viktig.
# lagt inn 14.6.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.6.08

Det som sel 

"Mer sex i Bibelen" er overskrifta over oppslaget i Dagsavisen etter pressekonferansen ved lanseringa av dei nye bibeltekstane i går. Den lett spekulative overskrifta står over eit høgst brukbart intervju med professor Kåre Berge, leiar for omsetjingsutvalet i Bibelselskapet. Vi prøver å få fram mangfaldet i språkbruken til dei bibelske forfattarane, jamvel når dei er grove i kjeften. Vonleg har teksten vår andre kvalitetar òg.

Ja, ja. Eg kjem på at eg i ei frustrert stund foreslo "Elias Blix. Sex og salmar" som tittel på biografien. Mannen fekk jo ni barn, så oppslaget hadde ikkje vore heilt misvisande. Men det var like greitt at det blei som det blei.

God helg!

Oppdatering, 16.06.08: Dagsavisen har no høyrt seg for hos eit par kyrkjeleiarar av ulik, men bibeltru farge og fått vite at det er "greit med mer sex i Bibelen – så lenge den var der fra før."
# lagt inn 13.6.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.6.08

Frå Moses til Manga 

I dag har Bibelselskapet hatt pressekonferanse for å spreie to nye versjonar av den glade bodskapen.

1. Dei første pilotversjonane av gammaltestamentlege bøker i ny omsetjing er publisert i form av to hefte i serien GTR (Det gamle testamentet revidert). Spør etter dei i en bokhandel nær deg. Ikkje berre det, frå og med i dag kan du lese prøvetekstane våre på vevstaden Bibelen.no. Klikk på "Det gamle testamentet, prøvetekstar" i menyen til høgre. Denne publikasjonen er som ei open høyring å rekne. På Bibelen.no kan du òg sende inn respons på epost. Om du vil vere med på å påverke framtidas norske bibelspråk, er altså sjansen der nett no!

2. Frå i dag er dessutan Mangabibelen på marknaden, ei attforteljing av Bibelen illustrert i japansk teikneseriestil. Manga er blitt litt av eit kultfenomen i ein del norske ungdomsmiljø, noko som er merkbart også i mitt eige hus.
# lagt inn 12.6.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.6.08

Lillehammer 

G arbeidde i går (ho er kyrkjelydsprest og driv og konfirmerer norsk ungdom om dagen), så eg fylte bilen med to tenåringar, plukka opp far min og ein innlånt tenåring til (nevø) på Hamar og reiste til Lillehammer for å oppleve ein dag på litteraturfestivalen. Det blei ein riktig triveleg tur. Fint vêr og litt for kvar smak, frå møte med serieteiknarhelten Mads Eriksen via Åberg-dødaren Johan Harstad og ungdomsbokforfattaren Ingelin Røssland til Ruth Maier-gjenopplivaren Jan Erik Vold, det heile under kontinuerleg overvaking av Darth Vader og hans Stormtroopers.

Mitt faglege alibi for å reise til Lillehammer var debatten om "Fremtidens biografier", med forleggjarbiograf Anders Heger som programeleiar og eit stjernepanel sett saman av Birgitte Possing (som har gjeve den historiske biografien eit nytt liv i dansk akademia), Stephen Walton (britiskfødd nynorskprofessor og kritisk biografiteoretikar) og Frank Rossavik (han som vann konkurransen om beste Einar Førde-biografi i fjor og fekk Brageprisen for det). Samtalen var absolutt verd å få med seg, ikkje minst var Rossavik eit friskt pust. Sjølv om han kanskje ikkje var heilt komfortabel i møtet med så mykje akademisk tyngd, hadde han gode spørsmål og svar. Til dømes ville han ikkje akseptere skruplane til resten av panelet når det gjeld kronologien som strukturerande prinsipp (eg forstår kva dei meiner, men eg synest dei overdriv). Dei to andre i panelet har eg høyrt før, eg veit omtrent kva dei står for, men dei er begge på kvar sin måte skarpskodde og velformulerte.

Og om du lurer på kva slags biografi vi får i framtida, er svaret: Litt av kvart.
# lagt inn 1.6.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?