<$BlogRSDUrl$>

14.6.08

Salmesak og kvinnesak 

Styggeleg på etterskot, men eg skuldar å gjere merksam på 8. mars-posten på bloggen til Jostedalsrypa:
Ettersom Elias Blix er så aktuell i år, er det freistande å dra fram Vinje Kvenderøysterettslag i Vest-Telemark. I målrørslesoga peikar nok Vest-Telemark seg ut som eit område med tidleg og sterk målorganisering, noko som altså kan ha hatt konsekvensar for den kvinnepolitiske organiseringa òg.

I 1899 vart det halde folkerøysting i Vinje kyrkje om å kaste ut salmeboka på norsk-dansk for å innføre nynorsksalmane til Elias Blix. Kvinnene i bygda møtte òg fram til denne folkerøystinga, men presten nekta dei røysterett. I kvinnesaksbladet Nylænde skriv Gunnbjørg Vinje:

"Fleire av dei mest uplyste menn i bygdi vilde, at me skulde røyste med, men nei […] 'Kva skal me gjera?' Soleis kviskra det rundt um. 'Lat oss få i stand ei kvendestemmerettsforeining', sa den eine. 'Ja lat oss det', sa fleire av dei andre, ‘me lyt gjera noko no’ […]. Dei, som vilde hava Blix salmur vann nok likevel; men dei hadde fenge eit stort fleirtal, um kvinnurne hadde vore med."

To år seinare, i 1901, prenta Nylænde ei melding frå det som altså no heitte Vinje Kvenderøysterettslag. Her går det fram at laget har tjue medlemer og at leiaren i laget er nettopp Gunnbjørg Vinje. No vart òg laget innmeldt i LKSF. Gunnbjørg Vinje hadde elles hatt kontakt med sentrale kvinnesaksmiljø tidlegare, mellom anna ved å samle inn kvinnerøyster lokalt i Telemark i ein stor kampanje for kvinnerøysterett i 1890. Seinare arbeidde laget for aktuelle (kvinne)politiske saker som arverett for såkalla uekte born, men arrangerte òg debattmøte om meir norskdomsaktige saker som fråhald og grundtvigianisme.

Men det var altså målstriden om Blix-salmane som løyste ut det kvinnepolitiske engasjementet og som vart nytta for å få organisert eit kvinnesaksmiljø i bygda. Gunnbjørg Vinje var då òg ei engasjert målkvinne. Til dømes kom ho på andre plass i Det norske Samlaget si tevling om beste ABC-bok på landsmål i 1886.
Eg har nytta ein kortversjon av denne soga i biografien (s. 420-421), kjelde for den er nett Jostedalsrypa, alias Eli Bjørhusdal. Boka hennar om "Målkvinner før 1900" er ikkje berre eit viktig kvinne- og målhistorisk dokument, den er dessutan eit godt eksempel på sjangeren kollektivbiografi. Mindre kjent enn den Bodil Stenseth skreiv om Lysakerkretsen eller den av Halvor Fosli om Kristianiabohemen, men ikkje mindre viktig.
# lagt inn 14.6.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?