<$BlogRSDUrl$>

18.7.08

Britisk 

Vår årlege danningsreise gjekk til Skottland denne gongen. Der har vi ikkje vore før. G. og eldstedottera hadde eigne planar og har sysla med kvar sine ting, men dei to yngste og eg har vore nokre dagar i Edinburgh, med innlagde utflukter til Glasgow og Stirling Castle. Edinburgh viste seg å vere eit svært sympatisk reisemål, jamvel med høve til å gå fjelltur midt i byen. Fjellet er rett nok berre 251 m.o.h., men byr på passeleg fysisk utfordring og framifrå utsikt.

Eg prøver å få lese ei lokal bok ved slike høve. Det blei ikkje skotsk i år, men i det minste ekstremt britisk. Eg har lenge forstått at Lytton Stracheys Eminent Victorians frå 1918 er noko nær obligatorisk pensum for biografar, og på denne turen hadde eg selskap med far sitt gamle Penguin-eksemplar (1948-utgåva, sikkert innkjøpt den gongen han dreiv og tok engelsk bifag på 50-talet ein gong). Boka er utgangspunkt og skyteskive for den samla biografiteoretiske litteraturen, ser det ut som, så noko må det vere ved den.

Det var noko ved den. Mykje å lære her om språk, om stil, om litterære verkemiddel, men også om kor tids- og kulturbundne slike tekstar er. Dei fire portretta av kardinal Manning, Florence Nightingale, rektor Arnold (ved Rugby, som reformerte det engelske skolesystemet) og general Gordon (han med Gordons Golgata i Jerusalem - ein av dei mindre velfunderte lokaliseringsteoriane der i byen) gjev eit svært interessant bilde av Victoriatida - slik neste generasjon såg Victoriatida. Den siste presiseringa er viktig. Bildet har vist seg svært levedyktig, kan hende er det mogent for dekonstruksjon?

Eg er imponert over mykje, ikkje minst over den medvitne bruken av bipersonar, særleg antagonistar. Av og til tar eg meg i å lure på om det eigentleg er bipersonane som er hovudpersonar. Det gjeld til dømes (den i ettertid meir vidgjetne) kardinal John Henry Newman og spesielt statsminister Gladstone; begge speler viktige biroller i fleire av portretta.

Av dei meir kulturtypiske draga er den overklasseengelske perfide ironien, av dei meir tidstypiske er interessa for den psykologiske profilen til hovudpersonane (enno av før-freudiansk art), ofte kopla til andletsdrag, ganglag og andre kroppslege særdrag. Eg tok meg i å tenkje på Eivind Berggravs Norske kirkeprofiler fra siste slektledd (1946). Berggrav har, i motsetnad til Strachey, eit heilt uironisk forhold til religiøsitet, men dei psykologiserande portretta av Christoffer Bruun, Thorvald Klaveness, J. J. Jansen, Gustav Jensen, Johannes Johnson og Erling Grønland er i mangt skorne over same lest som dei Strachey skreiv tretti år tidlegare.

I nokon grad kunne ein seie det same om Blix-portrettet til Berggrav frå 1936, for resten. Her ligg ein viktig og sikkert tidstypisk skilnad på Berggrav og meg. Eg psykologiserer svært lite, men sosiologiserer dess meir. Vel, tida kjem nok til å innhente meg òg, om den ikkje alt har gjort det.
# lagt inn 18.7.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?