<$BlogRSDUrl$>

2.8.08

Sakprosakanon 

Nei, Dagbladet har ikkje brukt det ordet. Men no har langt om lenge ein jury kåra den viktigaste sakprosaboka i Noreg etter krigen. Boka er Georg Johannesens Om den norske tenkemåten, ei samling essays utgitt på Gyldendal i 1975. Kjartan Fløgstads ramsalte kommentar til valet er lesverdig. Ja, boka også, sjølvsagt.
I 2008 fører Norge krig i Afghanistan. Frp nærmar seg regjeringskvartalet. Norsk dannelse er å kjøra fort med bil og snakka dårleg engelsk. I massemedia er historia om sosialisme på norsk omskapt til den triste farsen om romanpartiet AKP (m-l). Likevel kårar Dagbladet Georg Johannesens artikkelsamling frå 1975 til Norges viktigaste sakprosabok. Er dette rein hån frå eit samfunn på full fart bort frå alt Georg Johannesen sto for? Takk for sist frå pressa han hudfletta? Grovt ran frå dei sakprosaiske profesjonsbyggarane?
Eg har ikkje tenkt å gå inn i nokon inngåande analyse av Dagblad-lista. Men eg registrerer at ikkje ein einaste lovtekst er funnen viktig nok til å kome med, heller ikkje Fellesprogrammet av 1945. Når det gjeld dei obligatoriske kalkulatorøvingane, kan ein registrere at kvinnelege forfattarar står bak 40 % av dei viktigaste sakprosatitlane, men at dei ikkje når høgare opp enn til 6. plass (Åse Gruda Skard, Ungene våre, 1948). Berre 15 %, tre av tjue titlar, er skrivne på nynorsk. I tillegg til før omtalte Skirbekk gjeld det Hans Skjervheims Deltakar og tilskodar og Kjartan Fløgstads Loven vest for Pecos.
# lagt inn 2.8.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?