<$BlogRSDUrl$>

17.9.08

Blix i samling 

Eg er ingen samlar - det vil seie, det er ikkje heilt rett, for eg samlar på fotnotar, men eg samlar vanlegvis ikkje på ting. Det er eitt unntak: Åra med Blix har resultert i ei fin lita samling salmebøker i originalutgåver.

Eg har no gleda av å kunngjere at Blix-samlinga er komplett: Etter eit par antikvariske innkjøp for ei vekes tid sidan (eit uoppskore eksemplar av 1891-utgåva og Eivind Hognestads eksemplar av 1883-utgåva) har eg no alle utgåvene av "Nokre Salmar" som kom ut så lenge Blix sjølv levde, pluss "Salmar og Songar" (1900) og jamvel "Islandske Salmar" (1898) "gjennomsedde av prof. E. Blix". Den siste har Terje Aarset skaffa meg.

(Nei, det er sant, eg manglar ei: Den vidgjetne "Huseby-salmeboka" med Blix-salmane som tillegg til Landstads salmebok. Her har eg først Salmebokforlaget si utgåve frå 1933. Vel, vel.)

Ein burde vel no halde fram med å samle på bibeldelar frå 1880-åra som Blix medverka til, men det trur eg ikkje eg har kondisjon eller økonomi til. Mest moro hadde det vore å finne eit eksemplar av doktoravhandlinga "Herre og Fyrste" eller førsteførelesinga ved universitetet, "Om det hebraiske Sprogstudium". Det skal bli vanskeleg.
# lagt inn 17.9.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?