<$BlogRSDUrl$>

17.9.08

Vanleg tidsrekning? 

Eg kunne ikkje dy meg, eg måtte trø på plenen: Eg har skrive eit lite debattinnlegg i Aftenposten i høve helgas debatt om nemningane "før/etter Kristus" i lærebøker for norsk skole. Plassen er liten, så innlegget blei vel litt skarpare i kanten enn eg vanlegvis formulerer meg, men hovudpoenget står eg ved: Eg kan ikkje innsjå at dei alternative nemningane "før/etter vanleg tidsrekning" er spesielt "nøytrale", tvert om. Spissformulert: "Å heve den kristne tidsrekninga sin status til 'vanleg tidsrekning' er i røynda eit kulturimperialistisk grep."

Eg er ikkje blind for problema knytta til "f. Kr." og "e. Kr.", best formulert av Einar Thomassen (religionshistorikar i Bergen, gnosis-forskar i verdsklasse) i Dagbladet i dag.

Ein viser gjerne til den nordamerikanske situasjonen, der nemningane BCE og CE er blitt vanlege, med tydingane "Before the Common Era" og "Common Era". Men "vanleg tidsrekning" er ikkje ei vellukka omsetjing av "Common Era". Dette uttrykket burde ein heller omsetje "fellestidsalderen" - det vil seie tidsalderen for jødisk-kristen sameksistens. Denne dateringsmåten opplever eg ikkje-diskriminerande i forhold mellom jødar og kristne, men eg kan ikkje forstå at den er inkluderande i forhold til islam.
# lagt inn 17.9.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?