<$BlogRSDUrl$>

24.10.08

På Fana 

Det var mykje vêr for ein austlending på Bergenskanten i går, det regna vassrett i store kvanta. Men inne i Fana kyrkjelydssenter var stemninga god og varm, overraskande mange trassa vêret og møtte fram. Eg hadde ein gild kveld på Fana (ikkje berre i Fana, no har eg lært at preposisjonsbruken er viktig her), og eg kan rapportere om framifrå allsong. I tillegg til å snakke om livet og tida til Elias Blix drøfta vi kort framlegget til ny salmebok. Vi song gjennom alle vers av Brorson-salmen "Upp alle Ting som Gud hev gjort" i Blix si gjendikting. Personleg held eg denne gjendiktinga høgare enn originalen. Eitt tips for å halde oppe nynorskprosenten må vere: Gå gjennom dei gjendikta salmane. Det er inga naturlov at bokmålsomsetjingane skal ha forrang.

Oppdatering, same kveld: Geir Møller har dokumentert arrangementet i tekst og bilde på heimesidene til kyrkjelyden. Så vidt eg kan sjå, hadde folk det triveleg.
# lagt inn 24.10.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?