<$BlogRSDUrl$>

22.11.08

Blix på Fister 

Torsdagskvelden hadde Hjelmeland mållag skipa til den tradisjonelle bokkvelden sin på Fister bedehus. Der hadde eg gleda av å opptre saman med koret Rygjaljom (sanneleg song to brør av Sigrid i koret!) og dei lokale forfattarane Ingebjørg Vik Laugaland (Stort er trua sitt mysterium, eit trusopplæringsopplegg for 6-åringar) og Trygve Brandal (jubileumsboka om Hjelmeland kyrkje). Programmet var såpass kyrkjeleg at sistnemnde, som òg er leiar i mållaget, fann å måtte minne om at mållaget er ein livssynsnøytral organisasjon. Stemninga var svært god, eit talrikt og interessert publikum som både spurte og song. Det siste er det viktigaste. Eg får stadig nye prov på at Blix-salmane lever og rører ved folk på ein særleg måte. Per (som altså er gift med Sigrid) hadde forsynt meg med informasjon frå ærverdige Den 17de Mai om kyrkjelydsmøtet i juli 1900 da Fister sokn innførte Blix-salmane som første kyrkjelyd i Ryfylke. Ikkje noko tyder på at dei kjem til å bli kasta ut att.

Hos mållagsleiar og historikar Brandal fekk eg både hus for natta og skyss til Suldal neste morgon. Trygve, gift med soknediakon Ellen, arbeider ved Ryfylkemuseet ved sida av å drive fruktgard i Jøsenfjorden. Verda er full av bra folk.
# lagt inn 22.11.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?