<$BlogRSDUrl$>

19.12.08

Ein høgtidsdag 

Hyggeleg julehelsing frå ven og kollega Per Halse i Hovdebygda, med eit av mange vitnemål om det store nedslagsfeltet til Blix-salmane. Det tillet eg meg å sitere. I Heimhug 7. oktober 1899 fortel signaturen "Jo i Viki" frå eit arrangement i Skodje:
Eg sat nett og grunda paa, kva det kunde vera ho vilde lata aalmugen faa høyra; kan henda var det noko utanlandsk som me korkje skyna ord elder tonar til. Men kor undren og glad eg vart, daa morgosalmen hans Blix med friske, reine og djupe tonar ljoma gjenom rome.

Folk sat i den djupaste spaning lyande andsloppne til dei klaare, høge tonarne og dei heimlege ordi. Tvo salmar til song ho. "Sions vægter" og "Kirken den er et gammelt hus". Deretter bar presten fram i nokre hjartelege ord kyrkjelyden sin takk for den væne songen og bad ho taka med ei takk og helsing til den sjuke far sin for den 16 aar lange og trugne arbeidsdagen hans millom dei. Det var mange som hadde taarur i augo og sanna det presten sa. Han bad daa um ho vilde gjera so væl aa syngja ein attpaa.

Sjeldan hev fædrelandssalmen vore sungen fagrare, og sjelden hev aahøyrararne fylgt so livande med. Det kjendest som ho gjenom salmen sende si helsing og signing, fyrst til denne fagre bygdi, so til sokni og so til heile lande.

Sers skyn paa sovoren kunst hev eg ikkje, men at det var sunge av hjarte, og at det gjekk til hjarte, det kjende eg. Og det glupaste var, at morsmaale ikkje vart sett til skamdar; nei det var i høgsæte daa det var baade fyrst og sist.

Kunde rett mange faa høve til aa høyra fr. Steen syngja Blixsalmarne, vart motburden snart gravlagd, og dei vilde hugleggjast og tonast ut baade i sorg og gleda, baade i vyrkje og høgtid.
Songarinna er ei av døtrene til Søren Steen (f. 1844), fortel Per. Steen var sokneprest i Skodje på Sunnmøre i 1880–95. Den nye soknepresten sidan 1896 var Johan Fr. Arnt Høeg (f. 1847).
# lagt inn 19.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?