<$BlogRSDUrl$>

14.12.08

Jula og Elias Blix 

I Vikebladet (som kjem ut i Ulsteinvik) for 9. desember hadde Magne Grimstad eit lesarinnlegg med denne tittelen. Eg registrerer innlegget fordi Grimstad nemner at han har lese biografien, særleg refererer han til den innleiande forteljinga om Hans Bovim og Arnulf Øverland. Men det eg har lyst til å sitere, er slutten av innlegget. Her set Grimstad ord på erfaringar og kjensler som eg stadig kjem i kontakt med når eg snakkar med folk om Blix og salmane hans:
Blix var med å forme ut den eldre salmeboka, og det var frå denne boka eg og jammaldringane mine lærde julesongane, tekst og tone. Desse fekk vi synge i heim og samlingshus. Store ungdomsflokkar samla seg rundt juletreet og song så det ljoma ut i vinternatta. Og salmane til Blix var sentrale.

Salmetilfanget frå Blix var 130 originale og 76 omsette salmar i den eldre salmeboka. Om denne mannen vart det sagt at han «kristna» det nynorske kyrkjemålet.

Eg takkar denne salmeskalden for dei rikdomar han har tilført meg. Eg les ofte salmar og opplever både andakt og målkjensle.
# lagt inn 14.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?