<$BlogRSDUrl$>

20.12.08

Pirk 

Det nærmar seg jul, sjølv for ein som av prinsipp utset jula så lenge som mogleg, konsekvent omtalar tida vi er inne i som "advent" og gøymer både julemat og -pynt til den høge helga er inne. Men julesongane må vi øve på. Dagens eksemplar av Volda-avisa Møre gjev att Brorson-salmen "Her kjem me, Jesus, dine små" i Blix si gjendikting, noko oppdatert i Norsk Salmebok. Eg finn fram raudblyanten med ein gong, ikkje for å øydeleggje julestemninga, men for ikkje å gløyme ei retting til salmeboka. Frå salmeboka har avisa nemleg ikkje berre teksten, men òg opplysninga "omsett av Elias Blix 1881". Årstalet er feil.

Blix si omsetjing av salmen stod på trykk 17. desember 1898 i Den 17de Mai og kom med i Salmar og Songar (1900).

Det stod ganske riktig ei nynorsk omsetjing av salmen i Fedraheimen nr. 50 for 17. desember 1881. Eg veit ikkje kven gjendiktaren er, men eg er sikker på at det ikkje er Blix. Det er tre argument.
  1. 1898-versjonen tyder på at Blix ikkje har gjendikta denne Brorson-salmen før.
  2. Hadde Blix vore mannen bak 1881-versjonen, hadde den høgst sannsynleg kome med i 1883-utgåva av Nokre Salmar.
  3. Endeleg: Ortografien er heilt ulik den til Blix. Blix har aldri teke former som "Sjæl" eller "Himel" eller "Daapsens" i sin penn.
1881-versjonen frå Fedraheimen følgjer. Julenøtt: Kven er gjendiktaren? Eg veit ikkje svaret.
Jolesalme for Born.
___
(Etter Brorson.)

Her koma dine arme smaa.
O Jesus, i din Stall aa gaa.
Lys upp kvar ein i Sjæl og Sinn
Aa finna Vegen til deg inn!

Vælkomen fraa din Himelsal
Til denne Heimsens Graatardal,
Der dei deg inkje annat baud,
Enn Stall og Krubba, Kross og Daud

Men Jesus! korleis gjeng det til,
At d’er so faa, som tenkja vil
Paa all din Kjærleik rik og stor,
Som drog deg ned til oss paa Jord?

So drag oss daa til deg igjen,
Vaar gode kjære Sjæleven!
At kvar av oss so inderleg
Med Lit og Tru maa søkja deg!

Lat Verdi ei med all si Magt
Oss riva fraa vaar Daapsens Pakt!
Men gjev, at all vaar Lengting maa
Til deg, til deg, aaleine staa!

So hender det, at me ei Gong
Imillom Helgons Glede-Song
I Himelns glade Paradis
Kann prisa deg paa Englevis!

Her stend me no i Flokk og Rad
Um deg, vaart fagre Hjarteblad!
Aa hjelp, at me og alle maa
Ved Stolen din i Himeln staa!
# lagt inn 20.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?