<$BlogRSDUrl$>

29.12.08

Segtnan I: Salmar 

Eg skal feire jul ei god stund enno, men dei høgheilage dagane er til ende. Det er tid for å ta fram att Jon Segtnan si melding av Ein betre vår ein gong i Historisk Tidsskrift. Eg skal ikkje bruke fullt så mykje energi på den som på Hallgeir Elstad si i Norsk Teologisk Tidsskrift, men Segtnan reiser òg fleire problemstillingar det er verd å reflektere vidare over.

Lat meg innleiingsvis seie at det er gledeleg endeleg å lese ein meldar som har fått noko ut av tittelen. Segtnan viser seg i det heile ofte som ein observant lesar. Til dømes har han forstått vitsen med å gjere det eine studieåret i Leipzig til dreiepunkt i biografien. Eg trur han er den første som har kommentert dette poenget.

Dei viktigaste innvendingane til Segtnan gjeld handsaminga mi av salmane til Blix. Særleg er han skuffa over hovudkapitlet med tittelen "Salmediktar".
Forfattaren burde difor ha rive seg laus frå den strengt kronologiske strukturen for så å skrive eit omfattande salmekapittel der han kunne ha tolka og analysert salmane, frå den første vesle samlinga i 1869 og fram til den siste, "Salmar og Songar" (1900).
Dette er eg, som kjent, usamd i. Grepet er valt med kaldt blod. Eg har ikkje skrive ein analyse av eit salmeverk (det finst det andre som har gjort), eg har skrive ein biografi. Salmane og salmesamlingane er slett ikkje uviktige, dei er sentrale biografiske fakta, og som slike kjem dei best til sin rett nett ved hjelp av den strenge kronologiske framstillinga. Meiner eg. Eg forstår at Segtnan synest overskrifta "Salmediktar" lovar meir enn den held. Til oppklaring: I siste hovuddel av boka speglar kapitteloverskriftene "Ein professor", "Statsråd", "Salmediktar", "Ikon" kva for rolle som til kvar tid dominerer i det offentlege biletet av Blix. Det hindrar ikkje at det står mykje om salmedikting både i professor- og i statsrådskapitlet, og det står mykje om andre tilhøve i salmediktarkapitlet.

På eitt punkt må eg likevel gje Segtnan rett:
Aschim er ikkje særleg interessert i å formidle noko om dei omsette salmane. Dette temaet nemner han berre i forbifarten. Når det er tale om nærmare 70 omsette salmar, ville det ha vore interessant å vite litt om dei. Kvifor valde han nett desse? ...
Vel, eg skal gje S. noko rett, for fullt så likegyldig har eg no ikkje handsama dei, sjå s. 166 (nedst); 171-172; 202; 412. Men eg har sjølv i andre samanhengar hevda at ein ikkje gjer rett mot verket til ein diktar om ein held gjendiktingane utanfor, så her får eg seie meg i det minste delvis skuldig.

Litt skuffa er eg over utsegna "Forfattaren avsluttar dette kapitlet [Salmediktar] med å fortelje litt laust og fast om målsaka ..." Eg hadde nok litt større ambisjonar enn som så. Ei av dei store overraskingane da eg studerte Blix sine aktivitetar på 1890-talet, var rolla hans som kulturpolitisk "grå eminense", nettverksbyggjar og lobbyist. Dette har vore ei underkommunisert side ved livsverket hans. Gjennom det biografiske perspektivet har eg lært svært mykje om dei sosiale, kulturelle, psykologiske og politiske drivkreftene som gjorde målsaka til ei så viktig kraft i åra fram mot 1900.

Historisk Tidsskrift
Segtnan I: Salmar
Segtnan II: Politikk
# lagt inn 29.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?