<$BlogRSDUrl$>

31.12.08

Kåringar 


Det er tid for årsoppgjer, lister og kåringar av alle slag. Eg har eit heller halvhjarta forhold til slikt, men kåringa av "Årets nynorskbok 2008" i Dag og Tid (av ein eller annan grunn kom nr. 1 for neste år, datert 2. januar, i postkassa i dag. Går bladportoen opp frå årsskiftet?) kan eg ikkje la passere utan omtale. Det er vel passande å halde dei meir syrlege tankane mine om slikt for meg sjølv, og heller dele dei hyggelege.

For det første er det jo hyggeleg at nokon framleis hugsar ei bok som kom ut for ti månader sidan. Det er alt anna enn sjølvsagt i vår mediale (eg vurderte å nytte ein Fløgstad-pastisj og skrive "mediat[h]ullete", men eg har lova å vere hyggeleg) tid der korttidsminnet blir stadig kortare (uff, nei, no gløymde eg meg att).

For det andre er det hyggeleg å vere i godt selskap. Mellom dei nominerte er folk eg set stor pris på og har stor respekt for, som bibelomsetjarkollegaene Paal-Helge Haugen og Jørgen Norheim (men eg saknar Inger Bråtveit) og biografkollega Stephen Walton.

For det tredje gjev oppslaget høve til eit hyggeleg gjensyn med Bjørn Kvalsvik Nicolaysen si entusiastiske melding av Ein betre vår ein gong.

For det fjerde er jo dette ein framifrå annonseplass for boka, jamvel gratis for forlaget (trur eg, eg har ingen mistanke om at Dag og Tid-redaksjonen er korrupt).

Men eg greier no ikkje å ta slike konkurransar heilt alvorleg likevel. Var det ingen gode barne- og ungdomsbøker i år, forresten?

Mine personlege favorittar trur eg må vere Marit Eikemo si essaysamling Samtidsruinar og Gunnhild Øyehaugs roman Vente, blinke. Nei, det spørst om ikkje Paal-Helge Haugens Kvartett går utanpå det meste i år.
# lagt inn 31.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.12.08

Segtnan I: Salmar 

Eg skal feire jul ei god stund enno, men dei høgheilage dagane er til ende. Det er tid for å ta fram att Jon Segtnan si melding av Ein betre vår ein gong i Historisk Tidsskrift. Eg skal ikkje bruke fullt så mykje energi på den som på Hallgeir Elstad si i Norsk Teologisk Tidsskrift, men Segtnan reiser òg fleire problemstillingar det er verd å reflektere vidare over.

Lat meg innleiingsvis seie at det er gledeleg endeleg å lese ein meldar som har fått noko ut av tittelen. Segtnan viser seg i det heile ofte som ein observant lesar. Til dømes har han forstått vitsen med å gjere det eine studieåret i Leipzig til dreiepunkt i biografien. Eg trur han er den første som har kommentert dette poenget.

Dei viktigaste innvendingane til Segtnan gjeld handsaminga mi av salmane til Blix. Særleg er han skuffa over hovudkapitlet med tittelen "Salmediktar".
Forfattaren burde difor ha rive seg laus frå den strengt kronologiske strukturen for så å skrive eit omfattande salmekapittel der han kunne ha tolka og analysert salmane, frå den første vesle samlinga i 1869 og fram til den siste, "Salmar og Songar" (1900).
Dette er eg, som kjent, usamd i. Grepet er valt med kaldt blod. Eg har ikkje skrive ein analyse av eit salmeverk (det finst det andre som har gjort), eg har skrive ein biografi. Salmane og salmesamlingane er slett ikkje uviktige, dei er sentrale biografiske fakta, og som slike kjem dei best til sin rett nett ved hjelp av den strenge kronologiske framstillinga. Meiner eg. Eg forstår at Segtnan synest overskrifta "Salmediktar" lovar meir enn den held. Til oppklaring: I siste hovuddel av boka speglar kapitteloverskriftene "Ein professor", "Statsråd", "Salmediktar", "Ikon" kva for rolle som til kvar tid dominerer i det offentlege biletet av Blix. Det hindrar ikkje at det står mykje om salmedikting både i professor- og i statsrådskapitlet, og det står mykje om andre tilhøve i salmediktarkapitlet.

På eitt punkt må eg likevel gje Segtnan rett:
Aschim er ikkje særleg interessert i å formidle noko om dei omsette salmane. Dette temaet nemner han berre i forbifarten. Når det er tale om nærmare 70 omsette salmar, ville det ha vore interessant å vite litt om dei. Kvifor valde han nett desse? ...
Vel, eg skal gje S. noko rett, for fullt så likegyldig har eg no ikkje handsama dei, sjå s. 166 (nedst); 171-172; 202; 412. Men eg har sjølv i andre samanhengar hevda at ein ikkje gjer rett mot verket til ein diktar om ein held gjendiktingane utanfor, så her får eg seie meg i det minste delvis skuldig.

Litt skuffa er eg over utsegna "Forfattaren avsluttar dette kapitlet [Salmediktar] med å fortelje litt laust og fast om målsaka ..." Eg hadde nok litt større ambisjonar enn som så. Ei av dei store overraskingane da eg studerte Blix sine aktivitetar på 1890-talet, var rolla hans som kulturpolitisk "grå eminense", nettverksbyggjar og lobbyist. Dette har vore ei underkommunisert side ved livsverket hans. Gjennom det biografiske perspektivet har eg lært svært mykje om dei sosiale, kulturelle, psykologiske og politiske drivkreftene som gjorde målsaka til ei så viktig kraft i åra fram mot 1900.

Historisk Tidsskrift
Segtnan I: Salmar
Segtnan II: Politikk
# lagt inn 29.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.12.08

Kling no, klokka 

Da er jula ringt inn. Det tidlegare omtalte radioprogrammet "Kim, alle klokker" kan du høyre på NRKs nettradio. Gildeskålklokka tek over nøyaktig 6 minutt ut i sendinga.
# lagt inn 24.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Den 17de Mai 24.12.1898:
Gledeleg jol! Med dette gode gamle ord helsar me kvarandre i denne sæle joletid. Og yver vaart land gjeng songen frå dei mange tusund munnar:

Glade jol! heilage jol!
Dette er innleiinga til ei 110 år gammal julepreike, henta frå spalta "Sundagstankar" i avisa Den 17de Mai. Preika er signert "Dr. E. Blix".

Gledeleg jul til alle lesarar av BlixBlog.
# lagt inn 24.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.12.08

Kim, alle klokker 

Kim, alle klokker - NRK P1: "Sør for Bodø ligger Gildeskål kommune. På Gildeskål kirkested står det to kirker. Den ene er ei steinkirke fra 1100-tallet – trolig en av Nord-Norges eldste bevarte kirker. Interiøret er fra 1700-tallet der vi blant annet finner båser – eller losjer – der den finere del av befolkningen kunne sitte atskilt fra almuen. På folkemunne har den blitt kalt gammelkirka, - og det siden 1881. Da ble det bygd ei ny og større trekirke knapt 100 meter unna. Salmedikteren Elias Blix var født og oppvokst i Gildeskål, og i gammel.kirka finner vi originalmanuskriptet til ”Gud signe vårt dyre fedreland”. I det frittstående klokketårnet fra 1962 henger den eneste klokka som nå ringer inn jula."

Gildeskålklokka skal altså vere med i radio i morgon, mellom kl. 17 og 18. Tradisjonen tru blir jula ringt inn av kyrkjeklokker frå heile landet.
# lagt inn 23.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.12.08

Pirk 

Det nærmar seg jul, sjølv for ein som av prinsipp utset jula så lenge som mogleg, konsekvent omtalar tida vi er inne i som "advent" og gøymer både julemat og -pynt til den høge helga er inne. Men julesongane må vi øve på. Dagens eksemplar av Volda-avisa Møre gjev att Brorson-salmen "Her kjem me, Jesus, dine små" i Blix si gjendikting, noko oppdatert i Norsk Salmebok. Eg finn fram raudblyanten med ein gong, ikkje for å øydeleggje julestemninga, men for ikkje å gløyme ei retting til salmeboka. Frå salmeboka har avisa nemleg ikkje berre teksten, men òg opplysninga "omsett av Elias Blix 1881". Årstalet er feil.

Blix si omsetjing av salmen stod på trykk 17. desember 1898 i Den 17de Mai og kom med i Salmar og Songar (1900).

Det stod ganske riktig ei nynorsk omsetjing av salmen i Fedraheimen nr. 50 for 17. desember 1881. Eg veit ikkje kven gjendiktaren er, men eg er sikker på at det ikkje er Blix. Det er tre argument.
  1. 1898-versjonen tyder på at Blix ikkje har gjendikta denne Brorson-salmen før.
  2. Hadde Blix vore mannen bak 1881-versjonen, hadde den høgst sannsynleg kome med i 1883-utgåva av Nokre Salmar.
  3. Endeleg: Ortografien er heilt ulik den til Blix. Blix har aldri teke former som "Sjæl" eller "Himel" eller "Daapsens" i sin penn.
1881-versjonen frå Fedraheimen følgjer. Julenøtt: Kven er gjendiktaren? Eg veit ikkje svaret.
Jolesalme for Born.
___
(Etter Brorson.)

Her koma dine arme smaa.
O Jesus, i din Stall aa gaa.
Lys upp kvar ein i Sjæl og Sinn
Aa finna Vegen til deg inn!

Vælkomen fraa din Himelsal
Til denne Heimsens Graatardal,
Der dei deg inkje annat baud,
Enn Stall og Krubba, Kross og Daud

Men Jesus! korleis gjeng det til,
At d’er so faa, som tenkja vil
Paa all din Kjærleik rik og stor,
Som drog deg ned til oss paa Jord?

So drag oss daa til deg igjen,
Vaar gode kjære Sjæleven!
At kvar av oss so inderleg
Med Lit og Tru maa søkja deg!

Lat Verdi ei med all si Magt
Oss riva fraa vaar Daapsens Pakt!
Men gjev, at all vaar Lengting maa
Til deg, til deg, aaleine staa!

So hender det, at me ei Gong
Imillom Helgons Glede-Song
I Himelns glade Paradis
Kann prisa deg paa Englevis!

Her stend me no i Flokk og Rad
Um deg, vaart fagre Hjarteblad!
Aa hjelp, at me og alle maa
Ved Stolen din i Himeln staa!
# lagt inn 20.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.12.08

Helgelendingen 

Ein lesar har gjort meg merksam på Helgelendingen, meldingsbladet til Helgeland historielag. Her finn du mellom anna eit detaljert innhaldsoversyn over Årbok for Helgeland, der eg har skrive om Anton Chr. Bang og den første versjonen av juleevangeliet på nynorsk.
# lagt inn 19.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Ein høgtidsdag 

Hyggeleg julehelsing frå ven og kollega Per Halse i Hovdebygda, med eit av mange vitnemål om det store nedslagsfeltet til Blix-salmane. Det tillet eg meg å sitere. I Heimhug 7. oktober 1899 fortel signaturen "Jo i Viki" frå eit arrangement i Skodje:
Eg sat nett og grunda paa, kva det kunde vera ho vilde lata aalmugen faa høyra; kan henda var det noko utanlandsk som me korkje skyna ord elder tonar til. Men kor undren og glad eg vart, daa morgosalmen hans Blix med friske, reine og djupe tonar ljoma gjenom rome.

Folk sat i den djupaste spaning lyande andsloppne til dei klaare, høge tonarne og dei heimlege ordi. Tvo salmar til song ho. "Sions vægter" og "Kirken den er et gammelt hus". Deretter bar presten fram i nokre hjartelege ord kyrkjelyden sin takk for den væne songen og bad ho taka med ei takk og helsing til den sjuke far sin for den 16 aar lange og trugne arbeidsdagen hans millom dei. Det var mange som hadde taarur i augo og sanna det presten sa. Han bad daa um ho vilde gjera so væl aa syngja ein attpaa.

Sjeldan hev fædrelandssalmen vore sungen fagrare, og sjelden hev aahøyrararne fylgt so livande med. Det kjendest som ho gjenom salmen sende si helsing og signing, fyrst til denne fagre bygdi, so til sokni og so til heile lande.

Sers skyn paa sovoren kunst hev eg ikkje, men at det var sunge av hjarte, og at det gjekk til hjarte, det kjende eg. Og det glupaste var, at morsmaale ikkje vart sett til skamdar; nei det var i høgsæte daa det var baade fyrst og sist.

Kunde rett mange faa høve til aa høyra fr. Steen syngja Blixsalmarne, vart motburden snart gravlagd, og dei vilde hugleggjast og tonast ut baade i sorg og gleda, baade i vyrkje og høgtid.
Songarinna er ei av døtrene til Søren Steen (f. 1844), fortel Per. Steen var sokneprest i Skodje på Sunnmøre i 1880–95. Den nye soknepresten sidan 1896 var Johan Fr. Arnt Høeg (f. 1847).
# lagt inn 19.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kongeleg 

Under tvil vil BlixBlog, trass i uttalte republikanske sympatiar, formidle denne meldinga frå fylkesmannen i Nordland
"Fra Petter Dass til Elias Blix" heter boka som er en billedreise med kongeparet gjennom fem Nordlandskommuner.

Jeg håper dette kan bli ei fin minnebok fra Kongeparets besøk i Nordland, både for Slottet og folk i kommunene som stilte opp på en helt fantastisk måte, sier fylkesmann Ola Bjerkaas. Gjennom denne boka håper han at minnene kan bevares. Kanskje vil bildene gi deg lyst til selv å besøke nye steder i eventyrlandet fra Petter Dass til Elias Blix.

Det var i juni 2008 at kong Harald og dronning Sonja besøkte folk i kommunene Træna, Lurøy, Rødøy, Meløy og Gildeskål. I tillegg fikk kongeparet besøke Petter Dass-museet på Alstahaug.
Vel, Elias Blix sjølv var kongetru nok, han. Sonen Helge, derimot, var republikanar i 1905. Kva teiknar Ragnvald meinte, veit eg ikkje, men han dreiv no ap med det meste.
# lagt inn 19.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.12.08

Folldal Menighetsblad 

I julenummeret av Folldal Menighetsblad (nr. 5-2008) har Arild Alander ein fin reportasje i tekst og bilete frå salmekvelden i Dalen kyrkje 9. november i år. Du kan jamvel laste ned heile bladet.
# lagt inn 17.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.12.08

Verdens Gang 

Det finst ein del VG-sitat her på bloggen, men dei fleste er frå slutten av 1800-talet. Her kjem for ein gongs skuld eit dagferskt klipp, frå dobbeltsida "Årets beste bøker. VGs bokgavetips i julestria." Saman med tolv andre bokmeldarar har Sten Inge Jørgensen fått velje ut fem bøker. Her er lista hans:

# lagt inn 16.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.12.08

Meir Blix på YouTube 

På YouTube kan du mellom anna få med deg "En rundtur i Sør-Fron kirke" akkompagnert av adventssalmen "Underlege ting å sjå". Eller du kan høyre vokalensemlet "Ex toto corde" (om eg hugsar skolelatinen min, skulle det tyde "av heile hjartet". Jau, dette er bibellatin, t. d. Vulgata-versjonen av 5. Mosebok 6,5) sine versjonar av "No koma Guds englar" og "Kling no, klokka".
# lagt inn 15.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.12.08

Jula og Elias Blix 

I Vikebladet (som kjem ut i Ulsteinvik) for 9. desember hadde Magne Grimstad eit lesarinnlegg med denne tittelen. Eg registrerer innlegget fordi Grimstad nemner at han har lese biografien, særleg refererer han til den innleiande forteljinga om Hans Bovim og Arnulf Øverland. Men det eg har lyst til å sitere, er slutten av innlegget. Her set Grimstad ord på erfaringar og kjensler som eg stadig kjem i kontakt med når eg snakkar med folk om Blix og salmane hans:
Blix var med å forme ut den eldre salmeboka, og det var frå denne boka eg og jammaldringane mine lærde julesongane, tekst og tone. Desse fekk vi synge i heim og samlingshus. Store ungdomsflokkar samla seg rundt juletreet og song så det ljoma ut i vinternatta. Og salmane til Blix var sentrale.

Salmetilfanget frå Blix var 130 originale og 76 omsette salmar i den eldre salmeboka. Om denne mannen vart det sagt at han «kristna» det nynorske kyrkjemålet.

Eg takkar denne salmeskalden for dei rikdomar han har tilført meg. Eg les ofte salmar og opplever både andakt og målkjensle.
# lagt inn 14.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

13.12.08

Tromsø Indremisjon 

Vårt Land denne veka (var det torsdag, tru?):
Kommende helg kan Tromsø Indremisjon/Normisjon/Norkirken feire sitt 150-årsjubileum. Det er landets sjette eldste misjonsforening.

Elias Blix. 10. desember 1858 ble Tromsø Indremisjonsforening stiftet med en rekke lokale prominente personer til stede - blant dem Elias Blix, som skrev sitt navn i stiftelsesprotokollen. Han var på den tid elev ved lærerseminaret i Tromsø [AA: Vel, han var uteksaminsert i 1855] og lærer en tid her i byen [AA: Rett]. Ikke minst var byens presteskap involvert i starten og i mange år fremover.

Forsamlingen har i alle år holdt til i Forsamlingshuset i Vestregt. 24.
BlixBlog gratulerer. Du kan lese meir om Norkirken og om sjølve jubileumshelga på forsamlinga sine eigne nettsider. Foreininga er omtala fleire gonger her på bloggen og på side 93-94 i boka mi.
# lagt inn 13.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Historisk Tidsskrift 

Ei ny melding av Ein betre vår ein gong. Elias Blix denne veka, og det i noko så prestisjetungt som Historisk Tidsskrift nr. 4-2008. Det er Jon Segtnan, Bergens-basert historielektor, som er forfattar.

Denne meldinga er svært viktig for meg, av to grunnar: For det første fordi den står i Historisk Tidsskrift, eit teikn på at boka blir registrert og teken på alvor i faghistorikarmiljø. For det andre fordi Jon Segtnan kjenner dette stoffet svært godt. Han har interessert seg for Blix minst like lenge som eg har, mellom anna heldt han eit radioføredrag i P 2-Akademiet alt i 1997 (publisert i bind L), same året som eg sjølv publiserte mitt første vesle arbeid om Blix som semittist.

Dette er, saman med NTT-meldinga til Hallgeir Elstad, den viktigaste faglege responsen på biografien hittil. Eg kjem til å diskutere eit par punkt med Segtnan og, men i langt mindre omfang enn diskusjonen eg har ført om Elstad-meldinga. Eg kan jo ikkje nekte for at meldinga til Segtnan er viktig for meg også av ein tredje grunn: Den er svært positiv.

Historisk Tidsskrift
Segtnan I: Salmar
Segtnan II: Politikk
# lagt inn 13.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.12.08

Årbok for Beiarn 

Det er tid for lokalhistoriske årbøker om dagen (det er snart jul, må vite). Årbok for Beiarn er nyleg utkomen. Det er minst ein artikkel eg ser fram til etter omtalen i Avisa Nordland 19. november:
Øystein Ringaker er en annen trofast bidragsyter til årboka. Hans utredning om Elias Blix-slekta er en interessant artikkel som omhandler både en beskrivelse av Elias Blix og hans slektsband ikke minst til Beiarn.
Oppdatering for eventuelle nye lesarar (gamle lesarar kjenner Ringaker frå før): Øystein Ringaker er min viktigaste informant når det gjeld Beiarn generelt og farsslekta til Elias Blix spesielt. Det var ei stor glede å sjå han att under boklanseringa i februar, han hadde teke turen heilt ut til Sandhornøya.
# lagt inn 6.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.12.08

Blix-video 

Blix på YouTube - i samband med Blix-kvelden i Sinsen kyrkje i november.
# lagt inn 2.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmehøyring 

Norsk Tidend nr. 5 er ute:
Høyring til ny salmebok: I førre nummer av Norsk Tidend melde vi at Kyrkjerådet har sendt nytt framlegg til salmebok ut på høyring. Fristen for høyringa er sett til 1. februar 2009. Noregs Mållag slo fast allereie på landsmøtet i april at organisasjonen ikkje er nøgd med nynorskdelen slik som han no er i framlegget. Med bakgrunn i dette vedtaket har Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, markert standpunktet i media. Noregs Mållag har bede om å få vere eigen høyringsinstans. Styret har vedteke å be om hjelp frå ei eiga salmebokgruppe, som skal utarbeide eit høyringsinnspel som til sist skal vedtakast i styret. Dei som har sagt ja til å sitje i denne gruppa er: Ola Breivega, Berge Furre, Arve Brunvoll og Håvard Øvregård.
Dette kjem seg. Men har dei ikkje kvinner i Noregs Mållag? Salmegruppa har litt betre tid på seg enn som så, Kyrkjerådet har heldigvis utvida høyringsperioden.
# lagt inn 2.12.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?